Får folk i arbeid

På litt over eitt år har personar som er med i jobbstøtteprosjektet ved Nordfjord psykiatrisenter (NPS) starta i jobb 38 gonger. Halvparten av deltakarane i prosjektet er no i vanleg løna arbeid.

 

Statsminister-Solberg-på-NPS-7.-nov.-2017-I.jpg
ORIENTERTE OM NPS: Trond Aarre gav statsministeren ei kort orientering om Nordfjord psykiatrisenter då ho kom til sjukehusområdet på Eid i går.

Tiltaket starta i juni i fjor.

- Resultatet er veldig bra, men vi skal nå endå høgare, sa jobbspesialist Ingrid Hjelle då ho i går ettermiddag orienterte statsminister Erna Solberg om prosjektet.

Målet med prosjekt jobbstøtte er å få menneske som slit med rus og andre psykiske plager ut i løna arbeid. Prosjektet er eit samhandlingstiltak mellom psykiatritenesta,  NAV og seks kommunar i Nordfjord.

Sjå ressursar i samanheng

- Om det er ein ting eg ønskjer, er det at vi her i Nordfjord skulle bli kjende for evna til å sjå ressursane i kommunane og spesialisthelsetenesta i fellesskap, sa avdelingssjef Trond Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter.

Prosjektet hjelper folk til å komme i løna arbeid ved å integrere behandling og jobbstøtte. To tilsette jobbspesialistar støttar deltakarane i arbeidet med å få jobb, hjelper til undervegs og trer støttande til dersom jobbskifte kjem på tale.

- På den måten er det mange som lukkast i arbeidslivet, sa Hjelle, ein av dei to jobbspesialistane.

Livet blir betre

Både forsking og erfaring viser at folk får det betre, har mindre plager og at det blir færre reinnleggingar av å vere i jobb, til trass for alvorlege diagnosar.

- Kan folk med alvorlege psykiske plager eller store rusvanskar jobbe? spurde Hjelle. Og svarde sjølv:

-  Ja, det kan dei så absolutt. Men det kan vere vanskeleg å manøvrerere i arbeidsmarknaden, og det hjelper vi dei med.

Interessante tal

I berre åtte av dei 38 tilfella der vi har fått menneske ut i jobb, har bedriftene fått lønstilskot i ein kort periode. Eit slikt tilskot inneber at arbeidsgjevar får sponsa litt av løna.

- Det er svært interessante tal i forhold til at vi har vore vane med at næringslivet får sponsa ganske mykje frå NAV for å ta inn litt «usikre kort».

Som avslutning fekk statsministeren møte Frank Gjerde, ein av dei som har kome i jobb med hjelp av prosjektet. Her kan du lese saka NRK Sogn og Fjordane laga om dette møtet.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​