
Helleseth er spesialist i psykiatri og i allmennmedisin, og kjem frå stillinga som overlege i Akutt døgn og seksjonsleiar for legetenesta i Psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus.
Ho har vore overlege i psykisk helsevern i Helse Førde i mange år, og har tidlegare arbeidd som allmennlege.
Noverande fagdirektør Trine Vingsnes skal som kjent ta over som direktør for medisinsk klinikk i helseføretaket.
Dato for oppstart for begge to er ikkje heilt avklart, delvis på grunn av koronasituasjonen. Vingsnes held difor fram i stillinga som fagdirektør fram til 1. juni.
Børge Stavland blir samtidig konstituert vidare i stillinga som direktør for medisinsk klinikk i denne perioden.