HELSENORGE

Er du kalla inn, så møt opp til sjukehustimen som normalt

Har du fått oppsett sjukehustime i Helse Førde, skal du møte opp som normalt – med mindre du får melding om utsetjing frå Helse Førde. 

​Helse Førde overfører no personell frå operasjonsavdelinga og over til intensivbehandling, grunna behov for auka intensivkapasitet. Dette betyr at ein del planlagt verksemd må utsetjast, samtidig som mykje av den planlagte verksemda går som oppsett.

Dette betyr igjen at alle som ikkje får melding om at sjukehustimen deira er utsett, skal møte til oppsett time. Dei som får utsetjing, vil få melding om dette på førehand, og melding om når timen kan gjennomførast. Heller ikkje du som skal inn til større inngrep treng å kontakte helseføretaket dersom dette blir utsett.
  
Operasjonskapasiteten i Helse Førde vil bli redusert frå og med i morgon onsdag, og dette vil i første omgang vare til og med 14. desember. 

Helse Førde har per i dag fire pasientar innlagt med covid 19-smitte, to av dei på intensivavdelinga. Beredskapsnivået vart måndag denne veka heva frå grønt til gult nivå. Det betyr at føretaket har kontroll over situasjonen, men at  det trengst å setje inn ekstra ressursar.