Enklare for hørslehemma å nå oss

Helsenorge.no tilbyr no eit nytt digitalt verktøy som gjer dialogen mellom hørselshemma personar og helsevesenet mykje lettare. 

​I dag kan denne pasientgruppa kun kommunisere med sin helsefaglege kontakt (audiograf) via meldingsdialog på helsenorge.no.
Pilotprosjekt
Men for å få tilgang til å gjere dette, måtte pasienten ha fått ein time hos audiografen. Fram til no.
For i den nye løysinga som no blir pilotert i Helse Førde, er det direkte dialog mellom behandlar (audiograf) og pasient, uavhengig om pasienten er tildelt time eller ei.
Vanskeleg kommunikasjon
Mange hørslehemma har problem med å kontakte helsevesenet, for eksempel dersom det har oppstått problem med høyreapparatet. Dei høyrer gjerne ikkje godt nok til å kunne ta kontakt på telefon.
Nokre brukar ektefelle eller andre pårørande som mellomledd. Andre sender gjerne epost, ofte utan å vite at helsevesenet grunna personvernomsyn ikkje kan svare på vanleg epost. Dermed må svaret gå med sneglepost, og det kan såleis gå veker før pasienten får svar.
Behandlar gjev tilgang
Det er behandlar som avgjer kva pasientar som treng og får tilgang til den nye løysinga med digital dialog. Løysinga blir også aktivert av behandlar, som kan opne opp for digital dialog med helsefagleg kontakt.
Det er audiografgruppa i Helse Førde, med leiande audiograf Unni Johanne Tjugum Myklebust, som gjennomfører piloten i Helse Førde. Prosjektleiar er Aina Russenes.