Endringar for sjukehusbussen Sogn

Frå og med 19. juni 2017 vil sjukehusbussen til og frå Sogn starte i Øvre Årdal, og ikkje i Lærdal som tidlegare. For passasjerar frå Lærdal vil det gå eigen tilførslebuss til ruta.

 

​- Det er naturleg å gjere denne endringa ettersom vi har langt fleire passasjerar frå Årdal enn frå Lærdal, opplyser Vidar Øvrebø i Pasientreiser i Helse Førde.
Ruta startar på Farnes i Øvre Årdal kvardagar klokka 06.30 og tar ferje frå Fodnes 07.20. Frå same tidspunkt blir også bussen betjent av ein sjåfør, og ikkje to som tidlegare.
- Dette er den same endringa som vi gjorde i Nordfjord for to år sidan, og det har vist seg å gå heilt problemfritt, fortel Øvrebø. – Rutene blir trafikkerte av moderne, universelt utforma bussar som sikrar ei behageleg reise for dei fleste. Dei som av medisinske årsaker ikkje kan nytte bussen, skaffar vi alternativ transport etter behov.
Med dette blir sjukehusbussen no køyrd som ei ordinær bussrute, med normale takstar og rabattar. Dette betaler pasientane sjølv, og dei kan søke refusjon frå Pasientreiser i ettertid. I tillegg til tilførslebussen frå Lærdal vil det gå tilførslebussar frå Fortun/Luster og Hella/Leikanger som korresponderer med ruta i Sogndal.
Motsett veg går ruta frå Førde sentralsjukehus klokka 15, med dei same korrespondanserutene tilbake.