Endring i tilbodet til folk med lymfødem

Tilbodet for folk med lymfødem blir no behandla i førstelinetenesta. Les brevet som går ut til kommunane, praksiskonsulentane og andre berørte partar:

Poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem

Lymfødem er ein tilstand som blir behandla først og fremst av kommunale fysioterapeutar, men også på private institutt og i sjukehusa. Dei fleste i Norge med lymfødem får behandling hos privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsstilskot. Helse Førde HF er det einaste helseføretaket i Helse Vest som gir poliklinisk tilbod til denne pasientgruppa.
 
Ein del pasientar har grunna redusert kapasitet i førstelinjetenesta fått poliklinisk tilbod ved Klinisk fysioterapi og førebygging ved Førde Sentralsjukehus (FSS). Pr. i dag har vi registert pasientar frå følgande kommunar: Førde, Florø, Jølster, Naustdal, Bremanger, Askvoll, Gloppen, Hyllestad og Gaular. 
 
Seksjonen ikkje lenger kapasitet til å kunne ta imot nye tilvisningar. For dei som får tilbod hos oss ønsker vi at førstelinjetenesta fortløpande, og så snart som råd overtar ansvaret i tråd med tilgjengeleg kompetanse og kapasitet. Frå og med 01.02.20, vil Klinisk fysioterapi og førebygging ikkje lenger gi poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem. Inneliggande med kreftsjukdom, vil få tilbod som tidlegare.
 
Tilbodet til denne pasientgruppa gjennom behandlingshjelpemiddelordninga vil vere uendra.
 
Ved spørsmål knytt til einskildsaker, kan seksjonsleiar ved Klinisk fysioterapi og førebygging, Jocelyn Astbury, kontaktast: 57 83 91 68 jocelyn.margaret.astbury@helse-forde.no