Endra rutine: Du kan bli stoppa i døra

No blir Helse Førde si handtering av Pre-screening covid-19 skjemaet endra. Dei som følgjer retningslinene, slepp å reise fånyttes til sjukehuset.

Pre-screening covid-19 skjema på Helsenorge blei innført og tatt i bruk av helseføretaka i mai 2020.
Den eksisterande prosessen for mottak og handtering av skjemaet er svært tidkrevjande, og det er behov for ei endring i rutinen. Med denne endringa blir same skjemaet nytta i alle Helse Vest-føretaka.
 
Endringa betyr at skjemaet vil bli ei sjekkliste, utført av pasient. Føretaka vil ikkje lenger ta imot eller måtte følgje opp skjemasvar. Pasientar og pårørande som ikkje har fyllt ut skjemaet før dei kjem til sjukehuset, risikerer i ytterste konsekvens å bli stoppa i døra.
Tre døgn før sjukehustimen mottek pasientane ei tekstmelding (sms) med lenke som fører dei til helsenorge.no og screeningskjemaet som skal fyllast ut. Her er også telefonnummeret dei skal ringe dersom dei ikkje kan fylle ut skjema digitalt. Er ikkje prescreening gjort når dei kjem til sjukehuset, må dei svare munnleg ved inngangskontrollen. Avhengig av svar vil dei få kome inn til timen eller måtte snu. 

Pasient kontaktar altså sjukehuset anten ved å ringje innkallande avdeling, eller gjennom melding på timeavtalen på Helsenorge.

Den nye prosessen:

PreScreen.JPG

Sjekklista er tilgjengeleg for pasient på Helsenorge frå 14.desember.