HELSENORGE

Endå betre ultralydtilbod i Indre Sogn

Lærdal sjukehus har fått eiga ultralydjordmor. Med jordmor Kjersti Dolmen har sjukehuset fått på plass den rette kombinasjonen av fagfolk og utstyr, noko som styrkjer og stabiliserer svangerskapsomsorga i Indre Sogn.

2021-10-29_LSH_Kjersti Dolmen -Sigrid Lysne.jpg

T.v. Kjersti Dolmen og Sigrid Lysne. Foto: Helse Førde

No skal tilbodet om rutineultralyd i veke 18 bli meir stabilt og føreseieleg. Kjersti Dolmen er tilsett spesielt for å bruke ultralydapparatet, og vil jobbe i halvt i Helse Førde og halvt som kommunejordmor i Årdal.

Godt motteke i Indre Sogn

Ultralydtilbodet ved Lærdal sjukehus vart godt motteke på nyåret. Med bemanning frå Førde vart reisevegen for dei gravide i Sogn betydelig kortare. Når vi no får vår eiga ultralydjordmor på plass, ser vi fram til eit endå meir føreseieleg og utvida tilbod, seier seksjonsleiar for barselavdeling i Lærdal, Sigrid Lysne.

Men også i Helse Førde skal Kjersti dele seg. Ved Lærdal sjukehus vil det meste av tida gå til rutineultralyd i veke 18. I Førde vil det i starten vere rutineultralyd. Ultralydapparatet kom til Lærdal sjukehus på nyåret 2021, og har vore i bruk sidan. Fram til no har to jordmødrer frå Førde gitt tilbodet ein dag annankvar veke, men dette har ikkje vore tilstrekkeleg for å tilby alle i Indre Sogn ultralyd i veke 18.

Ettertrakta tilleggsutdanning

Etterkvart vil ho få ansvar for tidleg ultralyd, ei utdanning som Kjersti er i gang med. Tilbodet om tidleg ultralyd vil truleg kun bli i Førde, fordi denne undersøkinga krev eit eige ultralydapparat. Ultralydtilbodet ved Lærdal sjukehus er planlagt å dekke heile Indre Sogn.
Kjersti har mange års erfaring som ultralydjordmor. I dag arbeider ho som kommunejordmor i Årdal kommune. Ho har tidlegare jobba på Paviljongen, «God start»-eininga i Lærdal, og som ultralydjordmor og jordmor på Voss sjukehus.

Breitt tilbod

Det er om lag 230 fødslar i året i Sogn, og Lærdal sjukehus tilbyr barselopphald for mor og barn utan trong for medisinsk oppfølging. «God start»-tilbodet blir gitt til alle kvinner frå kommunane i Indre Sogn. «God start» samarbeider med kommunane og tilbyr svangerskapsomsorg til gravide frå Årdal og Lærdal i feriar og dersom kommunejordmor er sjuk. I tillegg tilbyr Lærdal sjukehus poliklinikk for mor og barn. Her er også ein beredskap med døgnkontinuerleg følgjeteneste. Lærdal sjukehus har òg gynekologisk poliklinikk nokre dagar i året med gynekolog frå sjukehuset i Førde.

Ultralyd - eit årelangt ynskje

Det var helsesjukepleiar i Årdal som tok initiativ til å få etablert eit ultralydtilbod. Saka kom opp i Sogn regionråd, som i 2019 sa seg villige til kjøpe inn eit ultralydapparat til formålet. Apparatet er finansiert av Aurland, Lærdal, Årdal, Luster og Sogndal ​kommunar med toppfinansiering frå Helse Førde.