eMeistring startar opp i Helse Førde

No kan dei med panikkliding, sosial angst eller depresjon få tilbod om behandling over internett.

eMeistring er terapeutrettleia internettbehandling for panikkliding, sosial angst og depresjon. Metoden vart utvikla i Bergen for ni år sidan, og fleire tusen har sidan 2012 motteke behandlingsmetoden med god effekt. I Helse Førde starta dette tilbodet opp no i april.
 

terapeutane i emeistring

TERAPEUTANE: Lone Indrebø Lægreid (t.v.) og Ragnhild Marie Stavang Lysne skal rettleie pasientar i nettbasert behandling.

Plattforma er enkel i bruk og gjer at pasientar kan gjennomføre behandlinga ved si eiga datamaskin eller telefon, når som helst og kor som helst. Behandlinga passar for alle aldersgrupper og uansett om ein har hatt vanskar i lang eller kort tid. Den er godt eigna for dei som av ulike årsakar ikkje har tid eller ønske om å gå i poliklinikk.

Folkehelseinstituttet har vurdert metoden og funne at nettbasert behandling kan vere like bra som behandling ansikt til ansikt. Behandlinga baserar seg på kognitiv åtferdsterapi og pasienten jobbar med sine problemstillingar på eiga hand med oppfølging av terapeut. Programmet varar i inntil 14 veker, og ein får god innsikt i si problemstilling gjennom tekstane og oppgåvene programmet inneheld.

Pasientar kan tilvisast eMeistring via fastlege eller internt i spesialisthelsetenesta.

 
Meir informasjon om eMeistring i Helse Førde