HELSENORGE

Eldremedisinsk poliklinikk gjenopna

Nyleg starta eldremedisinsk poliklinikk oppatt ved Nordfjord sjukehus. Styrken og sårbarheita i tilbodet er det tverrfaglege teamet med rett kombinasjon av kompetanse. No er den på plass igjen og klare til å gje eit tverrfagleg tilbod om behandling og utgreiing.

- Poliklinikken skal gje eit fagleg godt tilbod til eldre med samansette behov. No har vi psykiater med spesialkompetanse i alderspsykiatri, indremedisinar, geriatrisk sjukepleiar, ergoterapeut, farmasøyt og, fysioterapeut. Det er bra for dei eldre i Nordfjord at dei kan få denne hjelpa nærare heime, og sleppe å reise langt, seier direktør ved Nordfjord sjukehus Tone Holvik. 

Befolkninga i Nordfjord sitt behov for denne type tenester er førande for korleis poliklinikken er organisert. Dei mest vanlege tilboda blir utgreiing av demens, falltendens, legemiddel som kan påverke kvarandre, ernæring, førarkortvurderingar m.m. Utgreiingane fungerer som eit forlenga tilbod frå det som fastlegane behandlar i kommunane. Poliklinikken er lokalisert til medisinsk poliklinikk og her møter pasienten fleire spesialistar på same oppmøtet.

fem personar med kvit uniform som står ved sidan av kvarandre i ein korridor

Foto f.v.: Einingsleiar medisinsk poliklinikk Arnstein Ivesdal, geriatrisk sjukepleiar Jorund Levorstad, ergoterapeut Guro Hjelle Strømmen, overlege indremedisin Agnieszka Matusiak, fagsjef og farmasøyt Randi Nyhammer-Taklo.
Med, men ikkje på bildet: Alderspsykiater Elisabeth Bolik, fysioterapeut Janne Akse.​​

Bakgrunn for helsetenesta

Det var utviklingsprosjektet Framtidas lokalsjukehus som utarbeidde denne modellen for eldremedisinsk poliklinikk. Målet var betre samarbeid mellom psykiatri og somatikk til beste for pasienten. Det førte til etablering av ein poliklinikk som kunne tilby meir koordinerte tilbod til eldre med samansette lidingar. Tilbodet er organiserast slik at pasientane skal sleppe reise fleire gonger til sjukehus for ulike utgreiingar.

Eldremedisinsk poliklinikk på Nordfjord sjukehus starta opp 1. oktober 2013, men i perioden 2020 og 2021 mangla poliklinikken fagkompetanse og vart mellombels utan tilbod. Eldremedisinsk poliklinikk vart i 2015 også etablert ved Førde sentralsjukehus.


Kontaktinformasjon:
Tone Holvik, direktør Nordfjord sjukehus