HELSENORGE

Ein månad høyringsfrist på prehospital plan

Innspel til fase 3 i prehospital plan er sett til 8. oktober. Rapporten er no send på høyring til kommunar, legevakter og andre interessentar.

Rapporten inneheld utgreiingar frå arbeidsgrupper som har sett på ambulansetilbodet i Hornindal/Volda, Ytre Bremanger og Lavik. Den inneheld også eit kapittel om båtambulanse, på grunn av samanhengane med konklusjonane for Ytre Bremanger og Lavik. 

Arbeidsgruppene har vore sett saman av deltakarar frå kommunar, brukarar, tillitsvalde, verneteneste, og representantar frå arbeidsgjevarsida i Helse Førde

Tilrådingane er: 
  • Det skal framleis vere døgnambulanse og stasjon i Lavik. Ein av døgnbilane i Fjaler skal gjerast om til dagambulanse. 
  • Dagens ambulanse i Ytre Bremanger vert teken vekk i samsvar med styrevedtak i januar 2020. Personellet som var tiltenkt einmannsbetent ambulanseressurs i Ytre Bremanger vert flytta til ein ny ambulansebåt som kjem i Florø. 
  • Samanslåinga av Hornindal og Volda, og det at Hornindal dermed vert ein del av ansvaret til Helse Møre og Romsdal, får ikkje konsekvensar for det prehospitale tilbodet i Nordfjord. 

Heile rapporten er å finne på nettsidene våre. Her finn du også rapportane frå dei to første fasane i arbeidet samt høyringsinnspel til desse.