- Dette blir ein folkefest, seier Torstein Solset, avdelingssjef for matforsyning i Helse Førde.
- Vi serverer nydelig grillmat som ekte hamburger med alt tilbehør, og grillpølser med tilbehør til dei som ønskjer det. Vi reknar med å servere mat til rundt 700-800 personar, både store og små. Vi har dessutan tilbod om vegetarburgar til dei som ikkje ønskjer kjøt, og også til dei som treng glutenfritt.
FULLT KJØR: Torstein Solset (bakerst) og medarbeidarane er klar for storinnrykk når deltakarane i Helse Førde-stafetten kjem svoltne over målstreken. FOTO: HELSE FØRDE
Totalt går det med meir enn 120 kilo hamburgarar og om lag 15 til 20 kilo grillpølser.
All grillmaten under Helse Førde-stafetten er gratis, og både barn og vaksne kan ete så mykje dei berre orkar.
Som tidligare år kan ein også få kjøpt seg ein is og ei brus (betaling på vipps eller kort) om lysta på det er tilstades.
- Vi fyrer opp grillane sånn rundt klokka 17, og held det gåande så lenge det er behov, forsikrar Solset.
- Då er det berre for oss å ønskje alle hjarteleg velkomne til eit gratis, godt og sommarleg måltid!