Eigne drosjer for covid 19-transport

8.april startar drosjenæringa med transport av pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19. Transportørarane vil få opplæring, og transporten vil skje på ein trygg måte.

Smittevernopplæring samt utlevering av smittevernutstyr blir sikra gjennom Helse Førde.

Til dette formålet er det inngått avtale om ei dedikert drosje i høvesvis Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Lærdal. Desse drosjene vil vere tilgjengeleg måndag til søndag mellom klokka 08 og 18. Drosjene er av type 9 til 16 seter, alle med glatte seter og overflater som skal vere enkle å reingjere. Drosjene skal i denne perioden ikkje nyttast til andre transportoppdrag.

Rekvirering av transport til pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19 skal skje gjennom AMK på telefon 57 83 05 00.

HUSK PÅ: Dei som kan, må kjøre eigen bil til sjukehuset eller legen. Dei som ikkje kan dette, brukar drosje eller ambulanse - alt etter AMK si vurdering.

Når du treng hjelp med transport: Det er AMK som skal ta vurderinga om det er eit ambulanseoppdrag eller om oppdraget kan gjennomførast av dedikert drosje. Dei dedikerte drosjene kan ikkje ta på seg oppdrag der pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19 er avhengig av følgje, men ikkje sjølv kan skaffe slikt følgje.