Prosjektperioden varte frå 2020 – 2022, og hadde som mål å utforske om og korleis droner kan nyttast i helsevesenet, som alternativ og tillegg til dagens bakketransport. Hovudsakleg har fase 3 begrensa seg til å sjå på frakt av blod, vev og legemidlar.
Innovasjonsprosjekt
Prosjektet har vore organisert som eit innovasjonsprosjekt, der alle helseføretaka i Helse Vest, samt Sjukehusapoteka Vest, Helse Vest IKT, Helse Vest RHF og Sjukehusinnkjøp har delteke, saman med Airlift Solutions AS. Samarbeidet har vore formalisert gjennom ein innovasjonskontrakt med Innovasjon Norge.
Stadig fleire bransjar
Sluttrapporten oppsummerar arbeidet som er gjort, peikar på trendar og utviklinga innafor dronenæringa, behovet hjå helsevesenet, og gjev ei tilråding for vidare arbeid. Ein tydeleg konklusjon er at droner som alternativ til bakketransport kjem i stadig fleire bransjar og næringar, også innan helse.
Kartlegge behov
Fordelane er mange, der auka kontroll, fleksibilitet og effektivitet er blant dei største. Det er også mogleg å tenkje seg at frakt med droner kan vere nyttig for anna type last enn det prosjektet i denne fasen har konsentrert seg om. Difor er det viktig at det blir arbeidd vidare med å kartlegge kor behovet er størst, avdekke betalingsvilje og ikkje minst opropprette samarbeid for testflyging på potensielle kunderuter.
Les sluttrapporten fra droneprosjektet
her.