HELSENORGE

Drone - eit transportalternativ for frakt av biologisk materiale

Lukkast Helse Vest med sitt innovasjonsprosjekt, kan vi om nokre år sjå dronar som fraktar prøvar for analyse til sjukehuslaboratorium - sendt frå kommunale legekontor eller mellom sjukehus.

Innovasjonsprosjektet «Droner for effektivisering av Helse Norge» har som mål å utforske korleis og om drone kan nyttast i helsevesenet. Helseføretaka i Helse Vest og Airlift Solutions AS samarbeider om prosjektet, og det er delvis finansiert av Innovasjon Norge. 

Helse Førde si haldning er at frakt med drone må passe perfekt i ein region som Sogn og Fjordane, med sine mange fjordkryssingar, og lange avstandar.

- Dagens vegbaserte transportløysingar er både tid- og kostnadskrevjande. Det er også utfordrande å halde kvaliteten på transporten oppe, seier administrerande direktør Arve Varden.

Dronefrakt er under utprøving og drift i fleire land i Europa. Tyskland, Danmark, Sveits er land der biologisk materiale og medisinsk utstyr i dag blir frakta med dronar mellom sjukehus og laboratorium. Her i Noreg er også Sjukehuset Innlandet i gang med å vurdere dronefrakt av sine blodprøvar. 

Dei viktigaste konklusjonane så langt er at det er eit stort potensiale for dronefrakt i helsevesenet, ei teneste som vil vere påliteleg, rask og miljøvenleg. Prosjektet har funne viktige nøkkelfaktorar som regulerer ei framtidig droneteneste, som krav og sikkerheit for frakt av biologisk materiale, krav til GDPR, landingsplass, samhandling med kommunane m.m. 

Det er ei rekke mogelege gevinstar ved dronefrakt av biologisk materiale, spesielt raskare svartid på prøvar. Når vi snakkar om infeksjonar er tida viktig. Når blodprøvar kjem raskare fram til analyse, kan behandlinga komme tidlegare i gang. Drone har òg kapasitet til frakt av anna last enn biologisk materiale, som for eksempel utstyr til prøvetaking, hjelpemiddel samt virus- og bakterieprøvar. 

Under prosjektperioden har det blitt produsert ein drone som er spesialtilpassa frakt av biologisk materiale. Dronen har allereie fleire hundre timar i lufta på lukka område. Neste steg er å testfly dronen på ei ekte rute, og her kan Helse Førde vere ein mogeleg pilot. 

I 2021 fekk prosjektet interne innovasjonsmidlar frå Helse Førde, øyremerka kommunikasjons-verktøy.  På bakgrunn av erfaringane og kunnskapen ein har opparbeidd seg, blei desse midla nytta til å få laga ein animasjonsvideo som syner korleis tenesta kan sjå ut i framtida.  



Fakta:
  • På Vestlandet blir det frakta over 1,6 millionar blod- og vevsprøvar til og frå sjukehus kvart år. Alle forventar at dette talet vil auke årleg.
  • I Danmark har dei estimerte å spare ca. 200 millionar kroner per år ved å gå over til å bruke dronar til frakt av biologisk materiale m.m. (tal frå 2020).
  • Det er lov å forvente miljøgevinstar fordi dronane bruker ikkje fossilt brensel.

Kontaktpersonar:


Anne Kristin Kleiven, direktør Fag- og utviklingsavdelinga 

Benedicte Søgnen Bendiksen, seniorrådgjevar Fag- utviklings​avdeling