Drift på GOD START Nordfjord i sommar

I perioden 08.07 – 05.08.2019 er drifta av GOD START endra noko på grunn av ferieavvikling.
Jordmortenesta på helsestasjonane vert gjennomført etter plan.

Informasjon til ​alle brukarar, helsestasjonar og legekontor i Nordfjord:
På GOD START er det til ei kvar tid (24/7) jordmor på vakt.
Kvinnene kan som vanleg komme til eininga for vurdering av fødsel, og dei som har behov for det er sikra følgeteneste til fødeavdelingane i Volda eller Førde.
I tillegg vert det poliklinikk 7 dagar i veka frå kl. 08 -15.
Kvinner som har utfordringar knytt til f.eks amming kan ta kontakt med eininga. Dei kan og få råd og rettleiing og ved behov avtale tid for oppmøte. 
Vi har også tilbod om oppfølging av nyfødde med vekt, ta blodprøver, hørselstest o.l.
Det døgnbaserte barseltilbodet  blir i Førde/Volda i denne perioden.

Dersom de lurer på noko, eller treng råd/rettleiing minner vi om telefonnummeret vårt:
57 86 42 00