Disputas: Er klinisk tilbakemelding nyttig i psykisk helsevern?

Stig Magne Solstad disputerer 30.9.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Patients’ experiences with routine outcome monitoring and clinical feedback systems in psychotherapy».

Dei fleste som får psykologisk behandling blir betre, men oppimot ein tredjedel syner lite eller ingen betring, og oppimot fem prosent blir verre. Dette er ein av dei største utfordringane innanfor psykisk helsevern.

Stig Magne Solstad.jpg

Klinisk tilbakemelding går ut på å regelmessig samle inn informasjon om pasientar si psykiske helse medan dei er i behandling. Dette gjev pasientar større innverknad, og legger til rette for behandling som er meir individuelt tilpassa og meir verksam.

Mesteparten av forskinga på klinisk tilbakemelding har forsøkt å talfeste kor mykje det påverkar behandling. Det er forska lite på korleis det påverkar behandling. For å gjere klinisk  tilbakemelding, og dermed også psykologiske behandlingar, meir verksame, må me vite meir om nettopp dette.

Føremålet med denne doktorgraden er å gje oss ei betre forståing av korleis                                                      FOTO: DAVID ZADIG
klinisk tilbakemelding påverkar behandlingar, ved å undersøke korleis det blir opplevd av pasientar.

Doktorgraden består av ein litteraturgjennomgang av tidlegare forsking på pasientars erfaringar med klinisk tilbakemelding, og ei videoassistert intervjustudie med tolv pasientar frå ein norsk poliklinikk. Desse studiane syner at pasientar har både positive og negative erfaringar.

Klinisk tilbakemelding kan forbetre behandling ved å styrke kommunikasjonen mellom behandlar og pasient, og identifisere viktige terapeutiske tema. Men det kan også vere til hinder for god behandling, spesielt dersom pasientar ikkje får nok informasjon eller ikkje ser nokon nytteverdi. Det vert gjeve eksempel på god og dårleg bruk, og konkrete tilrådingar for korleis klinisk tilbakemelding kan gjerast nyttig for pasientar.
Eit hovudpoeng er at behandlarar og pasientar bør få friheit til å bruke klinisk tilbakemelding på ein fleksibel og individuelt tilpassa måte.

Børge Tvedt, direktør for Psykisk helsevern i Helse Førde, meiner doktorgraden gjev verdifull kunnskap.

– Vi nyttar Norse Feedback i kvardagen. Forsking som bygger opp under bruken, men òg kjem med forbetringspunkt, er viktig for å utvikle oss og skape betre praksis, seier han.

Han seier at det er viktig for Psykisk helsevern at dei har tilsette som driv forsking som er klinisk nær, og som er relevant for behandlinga dei driv i klinikken.

–  Når Stig Magne no disputerer viser han at han gjennom sitt forskingsarbeid har utført forsking av god kvalitet som er relevant for fagfeltet. Vi synast alltid det er stas når tilsette disputerer og oppnår doktorgrad. Det er eit kvalitetsstempel som vi set høgt, og som gir grunnlag for vidare forsking og kvalitetsutvikling, seier Tvedt.

Personalia
Stig Magne Solstad (f. 1986) er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen (2008-2013) og spesialist i klinisk vaksenpsykologi (2019), tilsett i Helse Førde. Han er tilknytta forskarskulen for klinisk- og utviklingspsykologi (CDP) ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet. Professor Christian Moltu ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde er hovudrettleiar. Professor Per-Einar Binder (UiB) og professor Louis George Castonguay (The Pennsylvania State University) er birettleiarar.
Prøveforelesing
Oppgitt emne: «Strengths and limitations of idiographic and nomothetic approaches to routine outcome monitoring. To what extent is the Norse Feedback system an optimised combination of the two?»
Stad: Alrek helseklynge, Årstadveien 17, aula Midgard
Tid: 30.9.2021 – 09.15–10.00
Disputas
Tid: 30.9.2021 – 10.30–13.30
Stad: Alrek helseklynge, Årstadveien 17, aula Midgard

Ein kan også sjå prøveforelesninga og disputasen digitalt HER.