Dialyseeininga i Lærdal blir ny

Dagens dialyseeining ved Lærdal sjukehus er for lita, og det er behov for å fornye utstyr og betre dei fysiske arbeidsforholda for personalet. Talet plassar blir dobla og det kjem nytt sentralt vassrenseanlegg som vil gi auka fagleg kvalitet på tilbodet. Einiga er vedteken flytta til andre etasje på sjukehuset.

Med denne løysinga kjem dialyseeininga tettare på medisinsk sengepost, og får eit nytt, moderne utstyrt smitterom som begge einingane kan nytte.
Ei breitt samansett arbeidsgruppe har lagt desse føringane for ombygging av dialyseeininga:

•             Sentralt vassrenseanlegg (ny anskaffelse)
•             10 rutemeter per stol/plass
•             Åtte plassar (mot fire plassar i dag)
•             Dialyseuttak på smitterom med sluse/bad
•             Større areal for vaktromfunksjonar
•             Nye dialysestolar

- Vi er svært glade for at vi no får på plass at ei ny og moderne dialyseeining som tilfredstiller krava til fagleg kvalitet på tenesta, til pasienttryggleik og gode arbeidstilhøve for dei tilsette, seier stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue.
Det er sett av 3,7 millionar kroner i investeringsbudsjettet for 2019 til arealplan for Lærdal sjukehus. I tillegg kr 2,0 millioner til anskaffelse av nytt vassrenseanlegg og dialysestolar.
- Det er også viktig å presisere at flyttinga av dialysen ikkje berører kapasiteten ved medisinsk sengepost, dagens sengetal skal oppretthaldast og vert uendra også etter flyttinga, seier Thue. Medisinsk sengepost har lenge hatt behov for eit moderne smitterom med naudsynte fasilitetar, det vil dei no få i samband med utbygginga, held Thue fram.
Drift- og eigedomsavdelinga i Helse Førde har starta anbodsinnhentinga i samband med ombygginga som startar så snart som råd. Ei ferdig ny dialyseeining ved Lærdal sjukehus vil truleg vere ein realitet i løpet av neste år.

Litt om dialyse:
Dialyse er ei livsoppretthaldande behandling ved nyresvikt.
Tal pasienter i dialyse i Norge er blitt meir enn dobla dei siste ti åra.
Prognosane viser framleis vekst i tal personar som vil ha behov for dialyse.
Hemodialyse vert utført vanligvis tre gongar i veka på sjukehus, og tek mellom tre og seks timar kvar gong.