- Eg går inn i rolla som fagdirektør i Helse Førde med respekt og audmjukheit, og ønskjer altså særleg ha eit sterkt fokus på kvalitet og pasienttryggleik, seier han.

Kjørlaug (43) kjem frå stillinga som overlege ved Indre Sogn Psykiatrisenter (ISP), der han det siste halvåret har fungert som fagsjef.
Han har vore spesialist i psykiatri sidan 2011 og har mykje av tida jobba med psykoselidingar. Som overlege for ambulante psykoseteam i Førde og Sogndal har han jobba tett med kommunehelsetjenesta i Sogn og Sunnfjord.
Asle Kjørlaug har også erfaring frå primærhelsetjenesta som fastlege ved Sogndal legesenter. Han har også utvikla fem heildagsseminar om psykoseforståing og rehabilitering av schizofreni, og har mykje erfaring som foredragshaldar.
Kjørlaug var leiar for Helse Førde sin legemiddelkomité i perioden 2014-2019, og har i denne funksjonen også delteke i pasienttryggleiksutvalget og i Helse Vest sin legemiddelkomité.
Han har sidan 2013 vore medisinskfagleg rådgjevar ved ISP, og har i denne funksjonen delteke i strategisk utvikling og ei rekke prosjektarbeid. Han har leiarerfaring frå poliklinikken ved ISP, og har delteke på Helse Førde sitt interne leiarutviklingskurs.