Dette er dei nye reglane for pasienttransport

Kva smitteverntiltak gjeld under reisa til og frå sjukehuset, for dei som ikkje kjører eigen bil?

2021-06-15_Nye reglar for Pasientreiser.jpg

Nye reglar for pasienttransport

Pasientar eller brukarar som er beskytta mot covid-19:
• Fleire pasientar eller brukarar som er beskytta, kan transporterast i same transportmiddel utan ytterlegare smitteverntiltak.  Det inga øvre grense på tal som kan bruke same transportmiddel. 
• Framsetet kan brukast under transport.
• Ved auka spreiing av covid-19 i samfunnet, bør transport skje i tråd med  Transport av uvaksinerte pasienter/brukere uten mistenkt eller bekreftet covid-19.  

Uvaksinerte pasientar og brukarar utan mistenkt eller stadfesta covid-19:
• Det er ikkje tilrådd at pasientar og brukarar sit saman med andre enn følgje eller husstandsmedlemmer.
• Faren for smitteoverføring aukar med tida ein er saman. Ved lenger transportetappar (til dømes meir enn ein time) bør forsterka  smitteverntiltak vurderast, ved at eksempelvis både pasient,  brukaren, følgjet og føraren nyttar munnbind.
• Avhengig av type transportmiddel og type bil skal det leggast til rette for avstand på ein meter mellom pasient/brukar og føraren under transport. Bruk helst transportmiddel som ivaretek avstand.
• For personbil/taxi: Pasient, brukar og eventuelt følgje bør sitte i baksetet. Avstand mellom føraren og dei i baksetet er tilstrekkeleg fordi ein ikkje sit ansikt til ansikt.

Uvaksinerte pasientar og brukarar med mistenkt eller stadfesta covid-19:
• Ein pasient eller brukar med stadfesta covid-19 bør transporterast aleine, med unntak av nødvendig følgje.
• I situasjonar der smittestatus ikkje er avklara, bør smitteverntiltak vere tilsvarande som om pasient eller brukar hadde stadfesta covid-19.
• Om det er mogeleg, bør transporten utsetjast. Dersom transporten ikke kan utsetjast, bør transporten og nødvendige forhåndsreglar avklarast i samråd med helsetenesta (sjukehus/kommunal helseteneste/private helseaktørar) i forkant.
• Alternativ transport i form av ambulanse kan vurderast.

 
MERK: Pasientreiser Helse Førde følger FHI sine råd for transport av pasientar/brukarar og opnar no opp for meir samkøyring. Dette gjeld pasientar/brukarar som er fullvaksinerte eller beskytta. Om pasienten/brukarar er fullvaksinert eller beskytta skal kome fram av rekvisisjonen frå behandlar, under spesielle behov. Dette gjeld frå 16. juni 2021.