HELSENORGE

Det blir Helse Førde-stafett igjen!

Pandemien er over, og gode tradisjonar kjem tilbake. I år blir det sommar og hyggeleg stemning med tradisjonell Helse Førde-stafett i juni.

​Dette blir den 15. stafetten, og går av stabelen onsdag 15. juni i år. Dermed er det klart for at stafettlaga rundt om kan legge seg i hardtrening og gjere seg klare til jubileet, som blir feira med ny stafettløype. Denne blir lansert like etter påske. ​

Som vanleg blir dette eit sosialt arrangement for både små og store, mosjonistar og konkurransefolk. ​
Helse Førde-stafetten 2022 - 3.jpg

ENDELEG STAFETT IGJEN: Eivind Standnes er med på å syte for at arrangementet blir av god gammal kvalitet, og administrerande direktør ser også nytten av eit slikt breitt folkehelse-arrangement i Helse Førde.  

Lenke til stafettsida. (Blir oppdatert)