Den nye prehospitale planen er klar

Helse Førde legg no ut på høyring ein plan for dei prehospitale tenestene der ressursane vert nytta best mogeleg for folk i Sogn og Fjordane. Den tilrådde modellen er i tråd med budsjettet i 2018.

Prehospital plan dokument

 
 


I arbeidet med å utforme ein heilskapleg plan for dei prehospitale tenestene har Helse Førde lagt stor vekt på å involvere kommunane.

- Eg er svært oppteken av at kommunar og andre interessentar skal få høve til å stille spørsmål og kome med merknader til utkastet som blir sendt på høyring, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Det har dei siste tiåra vore ei stor utvikling innan dei prehospitale tenestene. Innan organisering, ressursbruk, fagleg profesjonalisering og utstyr har det vore store endringar. Meir og meir av diagnostikk og behandling blir flytta ut til der pasienten er, og ambulanse- eller redningshelikopter syter for rask reaksjon og transport inn til rett nivå i spesialisthelsetenesta.

- Ressursane i tenesta skal ha ein struktur og ei styring som samla sett gjev best mogeleg resultat med omsyn til responstider og opplevd tryggleik. Desse forholda skal vi balansere opp mot dei totale ressursane som er til rådvelde, seier Varden.
 

Stikkord for den tilrådde modellen er:

  • Alle ambulansestasjonane i Helse Førde skal ha tilstadesvakt (kasernert vakt). Dette gjev raskare responstid, og gjer det mogeleg at personell får rotasjonsordningar som sikrar at alle får tilstrekkeleg mengd oppdrag gjennom året.
  • Ved reine transportoppdrag (utan behov for medisinsk hjelp i ein fullt utstyrt ambulanse) til og frå sjukehus, skal Helse Førde nytte såkalla kvit bil til å hente eller levere pasientar på sjukehusa. Ambulansane kan dermed halde oppe beredskapen større delar av døgnet i sine geografiske primærområde.
  • Planen legg opp til eit tettare samarbeid med kommunehelsetenestene, blant anna gjennom bruk av legevaktpilot og legevaktsatellitt i utvalde kommunar.
  • Utstrekt flåtestyring skal sikre rett bruk av ressursane.
  • Planen er ikkje mogeleg å gjennomføre innan kostnadsramma utan nokre strukturelle endringar.
     

Sogn og Fjordane er stort og tunt folkesett. Akuttutvalet (NOU 2015:17) har slått fast at det ikkje er realistisk sjølv med vesentleg auka i ressursbruk å nå samtlege innbyggarar innan dei rettleiande responstidene. Heldigvis er tilgangen på ambulansehelikopter svært god i Helse Førde sitt område, og helikopter blir brukt i akuttsituasjonar der responstida for bil blir lang.
 

Strukturelle endringar: Prosjektgruppa foreslår at dagbilen i Luster blir flytta til Sogndal. Dagbilen på Skei vil bli stadig meir nytta ut frå Førde. Døgnbilen i Lavik vert fjerna, og erstatta av flåtestyring av ressursar frå høvesvis Dale og Høyanger ambulansestasjonar. Modellen vidarefører beredskapspunkta både på Skei og i Lavik, alternativt eit eventuelt nytt punkt i Leirvik. I Ytre Bremanger vert døgnambulansen erstatta av ei teneste der ein fast stasjonert ambulansearbeider vil rykke ut i samarbeid med kommunalt personell. Ved bruk av kroppskamera kan informasjon delast med lege i vakt. Denne modellen er utforma i tett samarbeid med Bremanger kommune.
 

Litt om prosessen: I 2017 starta styret i Helse Førde arbeidet med ein samla plan for dei prehospitale tenestene i Sogn og Fjordane. Fase 1 av prosjektet, avslutta våren 2018, var ei omfattande kartlegging på 170 sider. Rapporten ligg til grunn for arbeidet i fase 2, utarbeiding av planen. Helse Førde har vektlagt samarbeid med kommunane i arbeidet med prehospital plan. Mandat for fase 2 vart vedteke av styret i føretaket 29. oktober 2018, og det har vore gjennomført ni prosjektmøte. No skal planen ut på høyring før styret i Helse Førde gjer endeleg vedtak i desember 2019.

 

KONTAKTPERSONAR:

Arve Varden, administrerande direktør: 992 19 352

Tom Guldhav, direktør kirurgisk klinikk: 415 15 626