Den nye kvardagen: Eit år på godt og vondt

Korleis har medarbeidarar i sjukehus og føretak i Helse Vest opplevd dette siste året? Vi har laga ein serie filmar om korleis den nye kvardagen har treft dei som står midt i den.

Pandemien har følgd med oss alle sidan den torsdagen i mars 2020 då Noreg stengde ned. Og vi står framleis i han. Samfunnet og kvar enkelt av oss har blitt stilt på store prøver.

Filmar youtube_pandemi_1263x424.jpg
For medarbeidarane i sjukehusa og føretaka i Helse Vest har pandemien betydd endringar for alle. Både dei som står i direkte møte med covid-19 og alle dei som held drifta og tenesta i gang på andre område.

– Etter over eitt år med pandemi ønskjer vi å gje ein honnør til alle dei som står midt i arbeidet med han. Alle dei som arbeider i helsetenesta. Dei som verkeleg kan gi stemme til det pandemien har ført med seg. Og vi gjer det i form av ein serie filmar som femner heile Helse Vest. Vi har lyst å få fram nokre av historiene frå året som har gått. Historier på godt og vondt, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne.

Møtet med pandemien

Alle medarbeidarar i Helse Vest fekk i desember eit kort med motiv laga av den verdskjende kunstnaren Pøbel – som ei anerkjenning av innsatsen som var lagd ned så langt under pandemien. Knappe tre månader seinare og lenger ute i pandemien står fleire korte filmar med intervju av mange medarbeidarar i sjukehusa og føretaka for tur.

Det kjem ein ny film kvar veke, i seks veker. Hovudtemaet er korleis den nye kvardagen har vore – og framleis er. I løpet av dei møter vi rundt 40 medarbeidarar, fordelt på ulike sjukehus og føretak i regionen.


Endringar for alle

Medarbeidarane i sjukehusa har i heile 2020 og vidare inn i 2021 lagd ned ein enorm innsats for pasientane og for kvarandre. Arbeidet med pandemien har ført til endringar for alle, både for dei som står i direkte møte med pasientar med covid-19 og dei som skal halde tenesta i gang på andre område.

​Vi har samla nokre døme for å gi eit lite innblikk i det som prega arbeidet i Helse Vest i året som gjekk. Her kan du sjå ei tidslinje frå siste året.