Deltek i global Covid 19-studie

Verdas Helseorganisasjon (WHO) har tatt initiativ til ein stor internasjonal forskingsstudie for å få vurdert lovande behandlingar for COVID-19. Helse Førde er blant sjukehusa som no skal vere med på denne forskingsdugnaden.


​COVID-19 (coronavirus disease 2019) har breidd seg ut over heile verda, og det er i dag dessverre ingen kjent spesifikk behandling mot viruset.

Verdas Helseorganisasjon (WHO) sin internasjonale forskingsstudie skal prøve ut lovande behandlingar for COVID-19. Helse Førde deltek i denne forskingsdugnaden, der 45 land er med per i dag. I Noreg deltek 29 sjukehus.

Lokalt  forskingsteam Covid-19.jpg 2.jpg

LOKALT FORSKINGSTEAM: Frå venstre studiesjukepleiar Arne Bjørkås, studiekoordinator Kristin Vassbotn Guldhav og lokal hovudutprøvar, dr. Pawel Mielnik. For å få delta blir det stilt strenge krav til opplæring av personale, samt nøye kontroll og oppfølging av pasientar som får studiemedisinen. Med i teamet er utvalde ressurspersonar (overlegar, LiS-legar, sjukepleiarar og bioingeniørar frå mikrobiologisk avdeling, laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk avdeling samt avdeling for akuttmedisin i Helse Førde). 

 
Prøver ut medikament mot ebola og malaria
Målet er i første omgang å teste ut to medikament opp mot standardbehandling, men det kan etter kvart komme fleire medikament med i studien.
Malariamedisinen Hydroksyklorokin og ebolamedisinen Remdesivir er dei medikamenta som skal testast ut først. Begge medikamenta har vore testa ut i mindre studiar, og har vist lovande effekt hjå enkeltpasientar. Studien skal undersøke om desse medikamenta kan bremse sjukdomsutvikling hos pasientar som er innlagt på sjukehus med COVID-19.

Utvida studie i Noreg
I Noreg blir det i tillegg gjort ein utvida versjon av WHO-studien. Det er ei forskingsgruppe frå Oslo Universitetssjukehus, leia av professor Pål Aukrust, som har utforma ein tilleggsstudie for å samle litt meir informasjon om korleis medisinen verkar meir direkte mot viruset.
Alle formelle godkjenningar er no på plass, og det er klart for å starte studien ved Førde sentralsjukehus.

Håpar på raske og sikre svar
Innlagde pasientar med bekrefta COVID-19 som passar inn i for å bli inkludert i studien, vil få informasjon og tilbod om deltaking. Det blir avgjort ved tilfeldig trekking (randominisering) kva behandling ein testar ut. Det vil bli gjort fortløpande analyser av alle data som blir samla inn, slik at ein raskt kan få svar på om medikamenta er effektive mot COVID-19.
Ved at mange land og sjukehus er med i same studie, vil ein på kortare tid samle mange data frå mange pasientar. Dette gjev betre og sikrare kunnskap om kva medisin som verkar og kva som er trygt.