Deler ansvaret for samhandling

Frå og med juni deler Tone Holvik og Margun Thue på funksjonen som samhandlingssjef i Helse Førde. Enkelte oppgåver og funksjonar skal dei dele mellom seg, medan andre skal dei ha ansvar for saman.

​Thue og Holvik er til dagleg stadleg leiar ved høvesvis Lærdal og Nordfjord sjukehus. I tillegg får dei saman ansvaret for å følgje opp samhandling mellom helseføretaket og kommunane.

Holvik, Tone (2)_jpg.jpg

Thue, Margun (1)_jpg.jpg.

DELER ANSVARET: Tone Holvik (øvst) og Margun Thue skal saman ha ansvar for å følgje opp samhandlinga med kommmunane i Helse Førde. Holvik får ansvar for Nordfjord og deler av Sunnfjord, medan Thue får ansvaret for Sogn og HAFS-kommunane. FOTO: O. APNESETH

I arbeidet som er retta ut mot kommunane, blir det ei geografisk fordeling der Margun Thue tek hovudansvar og er fast kontaktpunkt for kommunane i regionane Sogn og HAFS. Tone Holvik har hovudansvar og er fast kontaktpunkt for nordfjordkommunane i tillegg til Bremanger, Sunnfjord og Kinn.

Oppgåvene som ligg i dette er mellom anna oppfølging av Helse Førde sitt ansvar i høve avtaleverket som regulerer samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane.

Helse Førde og kommunane har også samarbeid om ulike utviklingsarbeid. Mellom anna skal partane samarbeide om ernæringsstrategi, helsefellesskap og kvalitetsreformen Leve heile livet. Også i desse arbeida vil Thue og Holvik saman ta ansvaret for samhandlingsjefen si rolle.