Del av Svanehaugvegen blir mellombels stengt, ei omkøyring er etablert

Ein vestre del av Svanehaugvegen blir mellombels stengt, og trafikken langs vegen blir difor om-dirigert. Det er bebuarane vest for sjukehuset og brukarane som skal til Støabygget som vil merke denne stenginga spesielt. Men også varelevering til sentralsjukehuset får ny køyrerute.

​Arbeidet med å opparbeide flaumvern fører med seg redusert framkome og endra køyremønster i ein periode. Del av Svanehaugvegen blir stengt den 5. februar kl. 07.00 og vil vere det fram til 31. mars 2020.

Omkøyring er lagt opp som følgjande

For å orientere seg om kvar Svanehaugvegen er stengt og korleis ein alternativt skal køyre har vi laga følgjande omgrep:

  • Svanehaugvegen nord: Frå krysset Vievegen, Høgskulen og sjukehuset, og vest til krysset Støabygget (UPH) og bustadar.
  • Svanehaugvegen vest: Frå parkeringsplass og vest til krysset Støabygget (UPH) og bustadar.
  • Svanehaugvegen sør: Frå krysset Vievegen, sjukehuset og parkering/rubbhall, og vest til Farabygget (prehospitalt bygg) og bustader.

2020-01-30_Stenging av Svanehaugvegen_justert kart.png

Kart som syner nytt køyremønster i Svanehaugvegen.

Mellombels køyremønster blir som følgande

For dei som skal til Støabygget (UPH) må parkere på grusplassen å gå frå parkeringsplassen og fram til Støabygget.
Dei som bur på enden av Svanehaugvegen må i denne perioden køyre inn til eigedommane frå Svanehaugvegen sør.
For alle som skal levere varer eller offentlege tenester er det laga ein heilt ny trase frå Svanehaugvegen nord. Den nye traseen går sørover langs Angabygget og ned til varemottaket på sentralsjukehuset, retur same veg.

Om tiltaket

Det er opparbeiding av flaumvern som er årsaken til denne mellombels stenginga. Det er eit krav frå Norges Vassdrags- og energidirektorat om at dette skal opparbeidast, og flaumvernet er eit tiltak for hindre at Førde sentralsjukehus vert skadelidande ved flaum.

For spørsmål, ta kontakt med byggleiar Ervin Beheim tlf. 97 52 43 82.