HELSENORGE

Dei usynlege vanskane etter hjerneslag

14. oktober er det Verdas synsdag. I år er temaet synsvanskar etter hjerneslag og andre hovudskadar. Etter initiativ frå ergoterapeutane i Helse Førde, startar eit prosjekt med mål om å forbetre kartlegging av slike problem, for så og tidleg komme i gang med målretta trening.

​Ergoterapien har kunnskap og verktøy som er nyttige i dette prosjektet. Saman med fleire fagfelt, profesjonar og representant for pasientgruppa, skal ergoterapeutane Hilde Vik Hole saman med Hulda Breen leie gjennomføringa av prosjektet. Målet er å kunne gje framtidige hjerneslagpasientar eit meir strukturert tilbod for å kartlegge synsfunksjonen. Prosjektet har fått finansiering via Såkornmidlar frå Helse Vest.

2021-10-13_Hilde Therese Vik Hole_2462_web.jpg

Foto: Ergoterapeut Hilde Vik Hole.


– Visjonen for prosjektet er eit sterkare tverrfagleg samarbeid rundt synsvanskar og trening etter hjerneslag, seier prosjektleiar Hilde Vik Hole. - Som ergoterapeut har eg erfart at utfordringar med synet kan påverke opptrening etter sjukdommen. Dette fordi problema med synet kan feiltolkast til å vere forårsaka av kognitive eller fysiske utfordringar. 
– Kan vi forbetre kartlegginga og gje pasientane våre meir målretta tiltak, kan kvardagen bli betre for den som er råka. Eg gler meg til å sette i gang dette arbeidet, seier Vik Hole.

Helse Førde følgjer opp Stortinget sine ønskjer

Frå Helse- og sosialdepartementet kom i mars 2021 Tildelingsbrev nr 14 om rehabilitering av alvorleg augesjukdom. Stortinget ber regjeringa sørge for ein fast praksis i alle helseføretak, der alle personar som er innlagt etter hjerneslag, får undersøkt synsfunksjonen. Dette prosjektet svarer på denne oppmodinga, og kan legge viktige føringar for korleis slik kartlegging kan gjerast betre og meir systematisk i framtida. 

Fakta om synsvanskar hos hjerneslagpasientar

I årsrapporten frå Norsk Hjerneslagsregister i 2020 står det at nær ein av fem pasientar rapporterte problem med synet knytt til hjerneslaget etter 3 månadar.
18 % av hjerneslagpasientane fortel at dei har synsproblem og 22 % opplever utfordringar knytt til lesing og skriving. Tala fortel at problema med synet kan vere samansette, vanskelege å forstå, og fortener difor stor merksemd i rehabilitering.