HELSENORGE

Dei skal tale di sak i helsevesenet

Visste du at du som pårørande eller brukar av helsetenester er representert og kan bli høyrd heilt til topps i både helseføretak og kommuneleiing? Felles brukarutval i Sogn og Fjordane (FBU) er brukaren sin representant inn mot styre og toppleiing i helsevesenet.

Dei har no hatt sitt første møte etter sommaren. Denne gongen vart det endeleg eit fysisk møte, og dermed høve for medlemmene til å bli litt betre kjende med kvarandre. Lunch-til-lunch-samlinga vart arrangert på Quality hotell i Sogndal. 
Ei mengde folkemengd som står utandørs
NYTT BRUKARUTVAL I ÅR: Bakerst frå venstre: Eiliv K. Berdal, Harald Ekroll, Jan Tore Odd,  Øystein Ryningen og, Eysteinn Udberg. Framme frå høgre:  Liv Stenbakk Krognes,  
Arne Hovland, Stein Erik Øvrebø, Marita Aarvik, Solfrid Fossberg, Ruth Berit Garfors, Cindy Litlabø, Magne Sellevold, Elin Therese Sørbotten, Børge Tvedt, Michael Milde og
Frida Galaasen. Fråværande: Lene Grønsberg, Kristoffer Skjolden, Synnøve Solhaugen Engen og Gro Indrebø.

Også kommunal helseteneste
FBU skil seg ut frå brukarutvala i dei andre helseføretaka Helse Vest, ved at FBU Sogn og Fjordane er det einaste som også omfattar helsetenestenesta i kommunane.  Det gjer arbeidet spanande, men også utfordrande.  For å utvikle samarbeidet med kommunesektoren var representantar frå det politiske og administrative nivået, samt brukarutval og eldreråd i sognekommunane også invitert til delar av denne samlinga.  Føremålet var å få dialog og erfaringsutveksling mellom FBU og kommunane om brukarmedverknad og samhandling. Og ikkje minst om korleis FBU best kan fylle rolla som felles brukarutval for helseføretak og kommunar i Sogn og Fjordane.  Erfaringane etter møtet var positive, og FBU vil følgje opp temaene med tilsvarande møte i Sunnfjord og Nordfjord i 2022.

Brei brukarkompetanse
Brukarutvalet blir elles oppnemnd av Koordineringsrådet etter forslag frå administrerande direktør i Helse Førde.  Ei rekke interesseorganisasjonar innanfor somatikk, psykisk helse og innanfor helsetenester generelt melder inn sine aktuelle kandidatar til utvalet, som går over ein toårsperiode. Samla rerpresenterer såleis FBU ein stor og ikkje minst brei brukarkompetanse.

Etter retningslinene skal FBU vere:
• rådgivande organ for styret og administrerande direktør i saker av strategisk karakter, og saker som direkte gjeld tilbodet til pasientar og pårørande i Helse Førde sitt opptaksområde.
• forum for tilbakemelding frå pasientar og pårørande om generaliserte erfaringar innafor ansvarsområdet og oppgåvene til helseføretaket.
• samarbeidsforum mellom helseføretaket og brukarorganisasjonane.

Ikkje enkeltsaker, ikkje enkeltkommunar
Brukarutvalet skal normalt ikkje handsame saker som omfattar éin kommune, men skal sjå til at brukarmedverknaden vert ivareteken i samarbeidstiltak og -område som omfattar fleire kommunar og/eller helseføretaket.  Sjølv om FBU ikkje skal ta opp enkeltsaker, kan dei ta opp alle saker som gjeld sjukehustenester og kommunale helse- og omsorgtenester. FBU tar opp saker som blir fremja av medlemene, av administrasjonen i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta eller andre relevante saker som vert meld inn til utvalet.

FBU-leiaren i styremøta
Eit forhold er kva utvalet sjølv tek til dagsorden, men like viktig er det at FBU også utnemner brukarrepresentantar til ei rekke råd, utval og prosjekt. For tida er det omkring 40 ulike prosjekt, råd o.l. der brukarrepresentantar er oppnemnd og bidreg med si erfaring. Eksempel her er deltaking i styringsgruppa for Nye Førde sjukehus og erfaringsråd psykisk helse, fysikalsk medisin og rehabilitering.
Viktig å nemne er også at leiaren i FBU deltek som observatør i styremøta i Helse Førde, og at FBU årleg har eige møte med styret der utvalet tek opp aktuelle saker sett frå eit brukarperspektiv. I det nye Helsefellesskapet som er under etablering, vert det også ny arena for brukarmedverknad.