Dei skal lage ny ambulanseplan

Prosjektgruppa som skal styre arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde er klar. Direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes, skal leie eit prosjekt som mange vil følgje tett.

prehosp.jpg

Dette er gruppa som skal leie arbeidet med ny prehospital plan. Frå venstre: Frå v: Robert Brennersted, Terje Olav Øen, Kristin Dvergsdal, Ronny Cassells, Audun Nedrebø, Trine Vingsnes, Vidar Øvrebø, Leiv Johnny Fjellro, Tom Ole Dyrstad, Jeanette Jensen, Daniel Søvde, Kjell Idar Dvergsdal, Vidar Vie og Stein Helle. Stian Sægrov, Ove Johan Haugerøy, Stig Igland og Vivian Kvam var ikkje til stades då dette bildet blei teke.

- Vi er fullt klar over at dette er ei teneste brukarane våre er opptekne av. Folk har eit nært forhold til ambulansetenesta og opplever tilboda som viktige for tryggleik og beredskap, seier Vingsnes.

Prosjektgruppa er sett saman av fagfolk frå Helse Førde, fem representantar frå kommunane, tillitsvalde og ein brukarrepresentant. Gruppa tel i alt 16 personar. I tillegg er det oppnemnt ei referansegruppe på ni personar.

Den akuttmedisinske kjeda

Målet med arbeidet å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester, og å leggje til rette for eit vidare godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda. Det prehospitale området i Helse Førde omfattar bil– og båtambulanseteneste, AMK i Førde samt medisinsk ansvar for luftambulansen i Førde og redningshelikopteret i Florø. Kommunane har ansvar for å drive legevaktsentralar og legevakt. På dagtid er det fastlegare som yter øyeblikkeleg hjelp.

Det prehospitale området har ei stor og sentral rolle i eit fylke som er prega av relativt spreidd busetnad. Ambulanse har hatt sterkare vekst enn Helse Førde samla dei siste ti åra. Særleg gjeld det innanfor bilambulansetenesta som utviklar seg frå heimevakter til vakter på stasjonane og i tillegg har nasjonale kompetansekrav å tilpasse seg.

Rapport på høyring

Planarbeidet blir organisert i tre fasar. No i vinter skal prosjektet kartleggje situasjonen og avklare prinsipp, premissar og rammevilkår. Når denne første delen av arbeidet er ferdig, blir det laga ein rapport som blir send på høyring til kommunane og andre interessentar. I etterkant av høyringsrunden startar arbeidet med å lage modellar for korleis framtidas ambulanseteneste skal organiserast. Når styret i Helse Førde så har valt alternativ, truleg i siste halvdel av 2018, startar arbeidet med å setje modellen ut i livet.

Dialog

- Vi er heilt avhengige av å få til ein open og tillitsfull dialog med kommunane i fylket slik at vi kan einast om dei primære ansvarsområda i den akuttmedisinske kjeda. Vi må så godt råd er sikre jamn og god kommunikasjon om prosjektet til tilsette, kommunar, eigar og folk i fylket, seier Vingsnes. 

Helse Førde har oppretta eit eige område på internettsidene der det vil bli informert om prosjektet etter som arbeidet går framover. Her vil det også bli mogeleg å komme med innspel til prosjektgruppa. Du finn nettsida her.

Dei viktigaste nyheitssakene frå arbeidet vil også bli publisert på facebook- og twittersidene til Helse Førde.