Dagrun Kyrkjebø ny samhandlingssjef

Dagrun Kyrkjebø (49) er tilsett som ny samhandlingssjef i Helse Førde.

dagrun kyrkjebø.png
Kyrkjebø er utdanna sjukepleiar med master i organisasjon og leiing, og arbeidde 15 år  Helse Førde som sjukepleiar og leiar. Dei siste 10 åra har ho jobba ved Høgskulen på Vestlandet som viseinstituttleiar og førstelektor. Ved høgskulen har ho også forska på mellom anna kompetansebehov og kompetanseutvikling i kommunale helse- og omsorgstenester.

Dagrun Kyrkjebø seier at ho gler seg til å ta fatt på utfordringane som ligg til stillinga som samhandlingssjef, og at ho ønskjer å bygge vidare på det gode samarbeidet som finst mellom kommunane og helseføretaket.

Marte Ulltang er fungerande samhandlingssjef og vil halde fram i stillinga inntil Dagrun Kyrkjebø tek over i januar 2022.