Christian Moltu fekk kvalitetsprisen i Helse Vest

Christian Moltu, fagsjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, er tildelt årets kvalitetspris i Helse Vest. Han får prisen for arbeidet med å utvikle og innføre The Norwegian Response System for Evaluation (NORSE) i psykisk helsevern i Helse Førde.

 
Christian Moltu i midten får utdelt kvalitetsprisen av Kari H. Furevik til venstre. Pål Iden til venstre .
HØGTHENGANDE PRIS: Arbeidet med å utvikle og innføre NORSE gav Christian Moltu kvalitetsprisen i Helse Vest. Prisutdelarar er Pål Iden (assisterande fagdirektør i Helse Vest og Kari H. Furevik (seksjonsleiar for kvalitet og pasienttryggleik i Helse Førde).

NORSE er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei opplever behandlinga dei får innan psykisk helsevern. Verktøyet blir nytta til å tilpasse behandlinga og som samvalsverktøy. Med prosjektet NORSE har psykisk helsevern i Helse Førde etablert ein ny og forbetra måte å samhandle med pasientar på.
Så langt er det rundt 600 pasientar som har nytta NORSE-verktøyet.

- Å få denne prisen er ei stor anerkjenning for meg og for miljøet som prøver å få til ei endring av praksis, der ein i større grad ser verdien av å nytte kliniske brukarrapporterte data i behandlinga. Det å endre arbeidspraksis og å ta i bruk nye metodar, er ein tidkrevjande prosess og denne prisen gir i så måte energi til dette viktige arbeidet, seier Moltu.

Brukarmedverknad i utvikling og forsking

Både i utvikling, innføring og forsking kytt til NORSE, har brukarmedverknad vore eit gjennomgåande prinsipp. Det har blant anna vore brukarar med i forskargruppa, og det er henta inn innspel frå inneliggjande og polikliniske pasientar for å kartleggje deira behov. Kvalitetsdimensjonane ved å leggje til rette for ei aktiv, medverkande pasientrolle vekkjer interesse utover regionale og nasjonale grenser.

Her kan du lese oppslag i Dagens Medisin om NORSE.

Algoritmane og metodane i NORSE er laga slik at det kan utviklast etter pasientar og tenesteytarar sine behov. Det betyr at sjølv om NORSE er utvikla innanfor psykisk helse for vaksne, vil det ha overføringsverdi til somatiske tenester, både i spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta og i samhandling mellom tenestenivåa.

Ungdomsmodul

Systemet skal no mellom anna nyttast i samband med rehabilitering etter fedmekirurgi på fedmepoliklinikken i Helse Førde. Utprøving av NORSE knytt til samhandling med kommunehelsetenesta er under planlegging.

- Vi arbeider no med å utvikle ein ungdomsmodul i Helse Førde, i samarbeid med Helse Bergen. På same måte som ved NORSE for vaksne, utviklar vi ungdomsmodulen gjennom fokusgrupper og individuelle intervju med brukarar og tenesteytararar, samt omfattande litteratursøk i relevant forsking. Prosessen vert dokumentert og kvalitetssikra gjennom vitskapleg publisering, fortel Moltu.

Samrøystes innstilling

Ein samla komité innstilte Christian Moltu som årets prisvinnar. Komitéen trekkjer fram at arbeidet er godt gjennomført og sterkt på brukarmedverknad. Arbeidet til Moltu har fått stor merksemd nasjonalt og er dokumentert i fleire publiserte artiklar.

Pål Iden til venstre og Christian Moltu og Jon Bolstad.
PRIS FOR SYSTEM FOR SJØLVRAPPORTERING: Vinnaren saman med prisutdelar Pål Iden og adm. direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Pasienttryggleiksprisen er på 100.000 kroner. Han blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i Helse Vest som gjennom forskings- og utviklingsarbeidet sitt har forbetra kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Prisen kan også bli tildelt i verksemder som har avtale med Helse Vest RHF. Resultata skal vere dokumenterte og publiserte i fagtidsskrift eller vitskapelige tidsskrift.

Prisen blei delt ut under kvalitetskonferansen til Helse Vest i Førde 29. mars.

NORSE i kortversjon.pdf

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​