Bygginga av nytt sjukehus er i gang

I dag 20. mai markerte Helse Førde starten på bygginga av nye Førde sjukehus ved at administrerande direktør Arve Varden og leiar i brukarutvalet, Audun Nedrebø, tok det første symbolske spadetaket på byggetomta.

grunnstein.JPG

GRUNNSTEIN: Audun Nedrebø, leiar i brukarutvalet, og adm. dir. Arve Varden legg ned grunnsteinen for nybygget til psykisk helsevern.

- For Helse Førde er byggeprosjektet heilt nødvendig for at Førde sjukehus i framtida skal kunne gje folk i fylket spesialisthelsetenester med den same gode kvaliteten som elles i landet, sa Varden då han presenterte prosjektet. 

Markeringa skjedde framfor ei rekke inviterte gjester, alle interessentar, samfunns- og næringsaktørar samt politiske aktørar og samarbeidspartar. Dei fekk brei informasjon om sjukehusprosjektet, i tillegg til synfaring på byggetomta, enkel servering og musikkinnslag. Varden underteikna kontrakten med Åsen & Øvrelid, hovudentreprenør for første byggjesteg. Og saman med Audun Nedrebø la han ned grunnsteinen for nybygget.

Bygginga av Nye Førde sjukehus startar altså med nybygg for psykisk helsevern, og dette er startskotet for eit prosjekt som i ei årrekke framover kjem til å gje store ringverknader både i nærområdet og i fylket elles.

- Dagens utgåve av Førde sentralsjukehus vart i all hovudsak ferdigstilt i 1979, og fyller såleis 40 år i år. Etterkvart som det nye blir ferdig, vil sjukehusprosjektet vere med på å sikre at folk i fylket vårt får moderne, trygge og tilpassa spesialisthelsetenester også i framtida. Byggeprosjektet inkluderer ein heilskapleg plan for alle Helse Førde sine bygg i Sogn og Fjordane, understreka Varden.

Fylkesordførar Jenny Følling og Førdeordførar Olve Grotle helsa begge til lukke med dagen.

- Dette er ein stor og historisk dag for heile Sogn og Fjordane, sa Følling.

Og fekk følgje av Grotle:

- Dette er ein viktig dag for alle som har behov for spesialisthelsetenester. Men for meg er det meir enn det. Førde sentralsjukehus er ein enormt viktig arbeidsplass. Dette er det største kompetansemiljøet vi har i fylket, meinte Førdeordføraren.

Den økonomiske ramma for heile utbygginga av Førde sjukehus er på 1,6 milliardar kroner. Slik planane ligg no skal utbygginga vere ferdig i 2027. Ferdigstilt får Helse Førde nye og moderne bygg for psykisk helsevern og somatikk, medan eksisterande areal for mellom anna poliklinikkar, sengepostar, operasjonsavdeling og sterilsentral blir ombygde, oppgraderte og utvida.

kontrakt.JPG

KONTRAKT: Finn Ove Øen, dagleg leiar i Åsen & Øvrelid, og Arve Varden skriv under kontrakten på nybygget til psykisk helsevern.