Helsenorge

Byggestøy og omkalfatring - den nye normalen

Fram til no har byggearbeidet ved Førde sentralsjukehus gått utan at det har påverka eller uroa sjukehusdrifta eller pasientar særleg mykje. Når byggearbeida har starta inne i hovudbygget, Svanabygget, kjem ulempene tettare på oss alle.

Støy, avstengde korridorar og tenester som er på flyttefot er det som blir mest merkbart. Dei tøffaste taka er no og fram til Livabygget er ferdig i 2024. Det blir gjennomført ei rekke tiltak som skal redusere ulempene for sjukehusdrifta.

2021-12-02_Svana 1 ombygging_2885_web.jpg

Foto syner kor omfattande ombyggingsarbeidet er. Til venstre i bilde ser du restane etter terapibassenget. Når arealet er bygt opp att blir dette nye lokale for augeavdelinga.

Starta i første

Det nye sjukehusbygget, Livabygget, skal koplast til Svanabygget, og det er dette som er bakgrunn for ombyggingane som no har starta. Tenester og funksjonar som ligg i dette området, blir flytta både mellombels og permanent. 
Ombyggingsarbeidet har starta i første etasje i Svanabygget. Lokala til fysikalsk medisinsk poliklinikk og fysioterapi/ergoterapi er avstengde for ombygging, og tenestene er flytta til Angabygget. Også arealet til innskriving og pasientreiser skal byggast om, og apoteket skal få ny plassering. 

Finne fram

I dei komande åra forventar vi at pasientar, pårørande og brukarar vil oppleve vanskar med å finne fram til tenester som har flytta på seg. Det er ingen kvikk fiks på dette. Det tryggaste er å ha nokre minutt ekstra slik at du kan få hjelp til å finne fram.

Byggestøy 

Det er og blir støy frå ombyggingsarbeidet, spesielt frå arbeid i betong. Kjerneboring, betongsaging og meisling gjennom vegar og golv lagar støy. Støyen forplantar seg både opp og ned i høgblokka. Sit du i kantina i andre etasje, høyrer du godt når det er boring i betong i etasjen under. Det mest støyande arbeidet blir lagt til rett etter normalarbeidstid og fram til klokka 19.00 på kvelden.

Bygging og sjukehusdrift 

Hovudregelen er at ombyggingsareala blir avstengde fysisk. Det blir sett opp skiljeveggar mellom sjukehuset si drift og byggeplassen. Utvendig blir byggeområdet avskilt og sikra med byggegjerde som vernar publikum mot ulemper ved transport av byggematerial, utstyr m.m. 

Ulemper med meining

Heile byggeprosjektet skal halde fram til 2028, så ulemper frå byggearbeid må vi gjere oss fortrulege med. I den andre enden står eit modernisert sjukehus klart, med alle dei fordelane dette har for pasientar, brukarar og tilsette. Hald ut!


2021-11-30_Tidslinje for ombygging i Svanabygget.jpg
*