Byggestart i Lærdal - MR klar i haust

Grunnarbeidet for eit nytt MR-tilbygg ved Lærdal sjukehus er i gang, og maskina vil stå klar til bruk i løpet av hausten 2018.

​Ein innsamlingsaksjon i Indre Sogn gav i overkant av ti millionar kroner i gåve til innkjøp av ei ny MR-maskin med prislapp på 11,8 millionar kroner.

Generalentrepenøren AH Bygg AS starta denne veka gravearbeidet for tilbygget som trengst til maskina, og bygging på tomta startar så snart Helse Førde har fått løyve frå Lærdal kommune til å setje i gang.

(les meir under bildet)

MRgraving.jpg

- Utfrå detaljprosjekteringa, leveringstider og byggetid ventar drift- og eigedomsavdelinga i føretaket at MR-maskina skal stå klar til prøvedrift hausten 2018, seier avdelingssjef Terje Jan Nes i Helse Førde.

Den nye MR-maskina vil gje pasientane ved Lærdal sjukehus eit betre tilbod og kortare ventetider i heile helseføretaket ettersom den nye MR'en aukar Helse Førde sin totale kapasitet på slike undersøkingar. Det er venta at pasientar frå Sogn og Fjordane kan sleppe å reise tiol Bergen for slike undersøkingar, og med den nye maskina i full drift er kapasiteten stor nok til at Helse Førde også kan selgje MR-tenester til andre helseføretak i landet.

Alt tyder på at varmesentralen ved Lærdal sjukehus også blir oppgradert i samband med MR-tilbygget. Blir dette alternativet vald, blir dei totale kostnadene for prosjektet kring 26 millionar kroner.