
Foto av byggetomta slik den såg ut 29. mars 2019
Det er det innleiande arbeidet for å gjere tomta klar, som startar no. Når vi kjem ut i mai blir det ei formell og tradisjonell markering av byggestart. Etter det vil arbeidet verkeleg skyte fart.
Reguleringsplan er godkjent
Helse Førde har i ein lag periode arbeidd med å få ferdigstilt reguleringsplanen for godkjenning i Førde kommune. Merknader og innspel til reguleringsplanen frå kommunen, Statens vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE og Riksantikvaren er alle svart ut. Godkjent reguleringsplan er føresetnaden for å stare opp byggeprosjektet. 28. mars godkjende Førde kommune reguleringsplanen.
Informasjon til naboar
Det blir ei krevjande oppgåve å bygge samstundes som det skal vere dagleg drift ved sjukehuset og normal aktivitet i området rundt oss. Byggeaktiviteten vil òg vedkomme våre naboar, og 4. april er dei inviterte til informasjonsmøte og byggeprosjektet.