Budsjettet: Sikrar helsetilbodet og planlagt utbygging

I framlegget til 2018-budsjett legg Helse Førde opp til ei rekke endringar. Ved å omdisponere deler av midlane og tilpasse drifta til dagens behov, vil føretaket tilby eit helsetilbod om lag som i dag – og samtidig sikre seg finansielle musklar til å modernisere sjukehuset i Førde.

Adm.dir. Børge Tvedt.
Budsjettet legg opp til at utbyggingsplanane ved Førde sentralsjukehus blir følgde, noko som inneber byggestart for nytt psykiatribygg i Førde i 2019.

Tilbod på line med dagens

- I dette budsjettframlegget legg vi opp til at behandlingstilbodet og aktiviteten i Helse Førde blir om lag som i dag. Samtidig tek vi grep som skal sikre at vi kan følgje opp planane om å bygge ut og modernisere Førde sentralsjukehus, seier kst. administrerande direktør Børge Tvedt i Helse Førde (bilde).

For å greie dette må deler av verksemda organiserast noko annleis enn i dag, og bli betre tilpassa utviklinga innan behandlingsmetodar og pasientgrunnlag. I dette ligg blant anna ein viss reduksjon i bemanninga, truleg på mellom 30 og 40 årsverk, som er planlagt gjennomført ved naturleg avgang.

- Vi ser at klinikkane har arbeidd godt i budsjettprosessen, og har vist stort engasjement. Samtidig ser vi at det framleis ligg utfordringar og risiko i dette budsjettframlegget.

Reduksjon ved naturleg avgang

- Vi legg opp til at denne reduksjonen i all hovudsak skal skje ved naturleg avgang. I ein organisasjon med nærare tre tusen medarbeidarar er det mange som sluttar for å jobbe andre stader, og mange som kvart år går av for aldersgrensa. Og dersom det eventuelt blir nokon overtallige, vil vi strekke oss langt for å innplassere dei andre stader i organisasjonen, seier Tvedt.

I budsjettet legg Helse Førde opp til å spare inn omlag 50 millionar kroner på den reduserte bemanninga kombinert med ny, betre tilpassa organisering. Samtidig strekar Børge Tvedt under at innsparinga ikkje betyr at Helse Førde kjem til å redusere aktiviteten i 2018.

- Vi skal bruke pengane på ein litt annan måte enn i dag, og desse 50 millionane går inn andre stader i verksemda vår, og aukar samtidig innsatsen med rundt 17 millionar kroner ut over dette, seier Tvedt. – Kvalitet, pasienttryggleik og gode arbeidsforhold for medarbeidarane vil framleis stå i fokus hos oss.

Ser utbygging som einaste alternativ

Tvedt har tidlegare understreka at han ikkje ser noko alternativ til å modernisere og bygge ut dagens sentralsjukehus i Førde. Sjukehuset stod ferdig i 1979, og størstedelen av bygningsmassen og planløysingane er såleis nær 40 år gamle. Eit stort vedlikehalds- og oppgraderingsløft vil uansett bli naudsynt. Dersom føretaket ikkje no realiserer utbyggingsplanane og får lån over statsbudsjettet, blir alternativet å finansiere alt vedlikehald med dei ordinære driftsmidlane.

- Dette kunne på sikt ha medført eit forringa tilbod, og like tøffe innsparingar som vi no ser. Utbygginga handlar om å sikre spesialisthelsetilbodet i Sogn og Fjordane for neste generasjon, seier Tvedt. – Her har vi lagt fram eit budsjett som vil setje oss i stand til å følgje utbyggingsplanane våre, få størstedelen lånefinansiert over statsbudsjettet og starte bygginga i 2019 som planlagt.

For å sikre handlingsrom til investeringar neste år, vil Helse Førde be eigaren Helse Vest om eit ekstraordinært lån på inntil 35 millionar kroner i 2018.

Framlegget til 2018-budsjett i Helse Førde legg opp til eit overskot på 28 millionar kroner. Det budsjetterte resultatet er likt det framskrivingane tilseier at Helse Førde må ha for å kunne gjennomføre investeringsplanane i åra framover.

- Helse Førde er full av dyktige og kompetente medarbeidarar, som står på seint og tidleg. Mitt håp er at vi no skal jobbe saman for å skape ei moderne og framtidsretta spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane, avsluttar Børge Tvedt.