Budsjettet: Ny MR på plass i Lærdal neste år

Sjølv om det var venta, er nok mange indresogningar letta over Helse Førdes budsjettframlegg. Der går det klart fram at ny MR-maskin skal vere på plass i nytt tilbygg til Lærdal sjukehus i løpet av 2018.

margun_thue-2.jpg
GLAD: Stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue, er nøgd med at det blir eit betre tilbud til pasientane i Sogn.
​MR-maskina skal plasserast i eit nytt tilbygg like ved den eksisterande røntgenavdelinga ved Lærdal sjukehus. Byggestart er planlagt allereie i februar 2018, og det er venta at prøvedrift på maskina kan starte i løpet av september same år.

- Eg er veldig glad for at vi er komne så langt, at dette er på plass i budsjettframlegget frå administrerande direktør, seier stadleg leiar Margun Thue ved Lærdal sjukehus.

Bedrifter, kommunar og ikkje minst enkeltpersonar har arbeidd saman for å samle inn drygt ti millionar kroner. Dette finansierer størstedelen av sjølve maskina, som har ein prislapp på 11,85 millionar. I tillegg må Helse Førde finansiere eit nytt tilbygg til sjukehuset for å få tenelege lokale til maskina, og gjere bygningsmessige tilpassingar og syte for tekniske installasjonar og naudsynt infrastruktur. Samla prislapp på den nye maskina blir dermed 18,9 millionar kroner.

– Når det har vore gjort ein slik innsats lokalt, er det viktig for oss i Helse Førde å vise at vi følgjer opp, seier Thue.  Eg er spesielt glad på vegner av alle pasientar som no slepp lang reiseveg og ventetid for å få gjort desse undersøkingane. For Lærdal sjukehus betyr det sjølvsagt også mykje å kunne ha eit nytt tilbod som dette.