Brukarutvalet på plass i styret

Brukarutvalet (BU) i Sogn og Fjordane har fått plass i Helse Førde sitt styrerom. Representanten heiter Solfrid Fossberg, og sit i styret med tale- og forslagsrett.

 

​- Eg vil arbeide for at det skal bli endå meir openheit i Helse Førde, og at pasientane skal bli sett og høyrd i alle deler av helsetenesta, seier Solfrid Fossberg (68). - Det er også viktig at pasientane blir møtt med kunnskap og respekt, og at tenestene er like gode uansett kor i fylket ein bur.

solfrid_fossberg.jpg

Den nye brukarrepresentanten har svært så allsidig og variert bakgrunn frå yrkeslivet, politikken og samfunnslivet. Ho er gift, har tre barn og fire fosterbarn, 21 barnebarn og to oldebarn.

Av yrkeserfaring har ho vore i samferdslesektoen, ho har vore leiar i Taxiforbundet i Sogn og Fjordane, ho har vore på på fylkestrygdekontoret med sjukehustransportar som arbeidsområde,  ho har arbeidd i kommunesektoren med kvinneretta næring og var seniorkunsulent i fylkeskommunen dei siste sju åra fram til pensjonistalder ved 62. Etterpå dreiv ho eige firma fram til fylte 67 år. For å nemne noko.

Av ulike verv har ho blant anna representert Høgre på fylkestinget, vore styremedlem i Fylkesbaatane, vore leiar i Fylkesrådet For Funksjonshemma og ein god del meir.

Vi ønskjer ein brukarreprersententant med mykje livserfaring velkommen til styret i Helse Førde!

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​