Bruk eigen bil til sjukehuset!

I samband med Covid-19 ønskjer vi at flest mogeleg pasientar kjem seg til behandling på eiga hand og unngår drosje og offentleg transport. Dette for å hindre spreiing av smitte.

​I ein periode framover vert det dekt tilleggsutgifter ved bruk av bil etter paragraf 22, uavhengig av om det er eit medisinsk behov for bruk av bil på reisa eller ikkje.

Pasientar som ikkje kan køyre sjølv, kan nytte følgjeperson utan dokumentasjon frå behandlar. Desse pasientane må ta kontakt med Pasientreiser, for å sikre at informasjon blir registrert i Nissy. Dette vil fungere som dokumentasjon når pasienten søker om refusjon i ettertid. 
 

Opningstider i påska - pasientreiser

Onsdag 8. april har vi ope til kl. 14.00, og opnar igjen tysdag 14. april kl. 07.30.

 
Pasientreiser når du på telefon 05515. Vi ønskjer alle ei riktig god påske!