Eit vilkår for å få dekka drosje på trafikalt grunnlag er at det ikkje er rutegåande transport på strekninga, noko som blir ekstra aktuelt i tider med buss-streik. I slike tilfelle kan brukarane få dekka drosje eller bruk av eigen bil. Hugs at reisa i tillegg må vere over ti kilometer.
No i koronavirusutbruddet så får alle dekka bil med tilleggsutgifter på reiser over ti kilometer.
Les om rettighetsendringa. Her står det også forklart korleis brukarane skal søke om dekning av sine utgifter i ettertid.
Pasientreiser prioriterer medisinske turar til spesialisthelsetenesta og ØH-turar inn til primærhelsetenesta. I enkelte område er det kapasitetsutfordringar på grunn av covid-19, noko som gjer at pasientreiser i nokre tilfelle ikkje klarer å skaffe nok drosjer.
Kontaktperson: Avd. sjef Vidar Øvrebø, pasientreiser, 951 39 762