Bok om oppstarten og dei første åra

Vel var sentralsjukehuset i Førde eit smertens barn, men etterkvart vart det eit fullt fungerande hospital. I ei ny bok fortel no pionerane på kvinneklinikken om oppstarten og dei aller første åra på det splitter nye sjukehuset.

​I år er det 40 år sidan sjukehuset i Førde vart offisielt innvia. Eit sjukehus bygd mot viljen til politikarane i fylket, bygd frå skratsj på ein stad heilt utan sjukehustradisjonar. Korleis skulle det gå?

Starta frå ingenting
- Det fanst ingen medisinsk tradisjon eller miljø her i Førde den gongen. Vi starta frå null, seier ein av forfattarane, tidlegare overlege på kvinneklinikken Bjørg Ladehaug.  – I dette heftet har vi prøvd å fortelje litt om korleis vi opplevde det, korleis vi kom i gang og korleis ting fungerte den første tida.

Bok kvinneklinikken.JPG
PIONERANE: Dei starta kvinnekliniikken på Førde sentralsjukehus frå grunnen av, og overrekte nyleg eit eksemplar av boka til Helse Førde ved adminnistrerande direktør Arve Varden (til venstre). Ved sida av Varden står Bjarne Straume, Arne Jon Barlinn, Bjørg Ladehaug og Rune Larsen.

Sjølv kallar Ladehaug den omlag 30 sider tjukke boka innbunden i A4-format konsekvent for «hefte», sjølv om den både inneheld bra mengder med tekst, mange bilde og avisfaksimilar frå pionertida.
Bak prosjektet står ei lita gruppe veteranar som alle var sentrale i oppbygginga og drifta av kvinneklinikken på slutten av 1970- og utover 1980-talet: Bjørg Ladehaug, Bjarne Straume, Arne Jon Barlinn og Jostein Tjugum.

Fagfolk var mangelvare
Dei fortel om korleis alt medisinsk personell måtte komme utanfrå, fordi det rett og slett ikkje fanst slik kompetanse i nærområdet. Dette var faggrupper som til dømes sjukepleiarar og legar; kompetanse som var mangelvare og sterkt etterspurt også elles i landet.
Avdelinga for fødselshjelp og kvinnesjukdommar var i starten tildelt fem stillingsheimlar: Ein overlege, to assisterande overlegar, ein reservelege og assistentlege. Heimel for nok ein assistentlege kom i 1981. Det nye sjukehuset averterte etter kvalifisert personell i både inn- og utland.
Første overlege på plass var Arne Jon Barlinn, som hadde erfaring frå Rikshospitalet og Sahlgrenska sjukhuset, går det fram av boka. Han kom til Førde i februar 1979. Etterkvart kom det folk i dei fleste stillingane, og i boka fortel pionerane korleis drifta gradvis kunne starte opp. Ikkje utan vanskar og konfliktar, ikkje utan akutt mangel på viktige ressursar. Poliklinikkane skulle opne i mai 1979, avdelingane i september.

Den første fødselen
Fødeavdelinga ved sentralsjukehuset hadde offisiell opning 25. februar 1980, og den store milepælen var første fødselen som skjedde 26. februar same år. Nokre dagar seinare, 1. mars, vart det første keisarsnittet utført på det nye sjukehuset.
Boka skildrar detaljert rammevilkåra og dei daglege rutinene som eksisterte i oppstartsåra, og er såleis eit historisk dokument over ein sentral del av sjukehushistoria i Sogn og Fjordane.
- Det er viktig å få fortalt denne historia medan dei som kan fortelje framleis er her, seier ein annan av bidragsytarane i boka, Jostein Tjugum, som kom til avdelinga i 1986.
Boka «Kvinneklinikken i Førde – dei første åra» er trykt i eit uhyre beskjedent opplag, men kan bestillast gjennom Reiakvam Foto i Førde.