
TERAPEUTANE: Lone Indrebø Lægreid (t.v.) og Ragnhild Marie Stavang Lysne skal rettleie pasientar i nettbasert behandling.
Den nettbaserte behandlinga eMeistring har no opna opp for at menneske som slit med sosial angst, panikkangst og depresjon, kan ta direkte kontakt via heimesida vår, utan tilvising frå fastlege.
Dei som tek kontakt vil då bli kontakta direkte av teamet for vurderingssamtale. Vi vil saman med den enkelte finne ut om eMeistring er eit høveleg behandlingstilbod.
Behandling i nytt formatI ein travel arbeidskvardag eller i eit hektisk familieliv er det mange som går lenge med psykiske vanskar utan å ta tak i desse. Terskelen kan av ulike grunnar vere høg for å gå til fastlegen for å søke hjelp for psykiske problem. Mange kan også finne det vanskeleg å sette av tid, eller å skulle gå til timar på ein psykiatrisk poliklinikk. Både reisetid til poliklinikken og ventetid på behandling kan også vere lang.
Vi i eMeistring er difor glade for å kunne tilby psykoterapeutisk behandling i eit nytt format. Bent Høie har omtala eMeistring som «et kroneksempel på pasientens helsetjeneste». Og det er nettopp dette vi ønsker å tilby, behandling med godt dokumentert effekt, gjort på ein fleksibel måte.
Fakta om eMeistring:
- Rettleia internettbehandling i spesialisthelsetenesta
- Terapeutassistert sjølvhjelpsprogram over 14 veker
- Dokumentert behandling for
- Sosial angst
- Depresjon
- Panikkliding