
Reglar som gjeld no
No gjeld følgjande reglar for Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus:
- Far og medmor kan vere med under fødsel frå mor vert innlagt på fødestove. Vi avventar med å opne opp for besøk av søsken i avdelinga. Husk kviletid mellom 13-15 der ein ikkje kan ha besøk. Besøk i avdelinga skal avtalast og vare maks 1 time.
- Far/medmor kan ikkje sove i avdelinga. Dette gjeld både på barsel og ved innlegging til induksjon eller observasjon.
- Fødeavdelinga har ikkje ope for besøk av andre enn far/medmor.
- Dersom du har symptom eller kjenner deg sjuk skal du ikkje kome på besøk i sjukehuset.
- Pårørande som er i karantene eller isolasjon kan ikkje kome på besøk.
- Besøk skal skje i avdelinga med varigheit inntil 1 time.