Besøke pasient på sjukehuset? Les dette først!

Sjekk dette før du reiser på visitt til pasientar  på sjukehuset. Ved besøk til sjukehus og Helse Førde sine institusjonar gjeld fylgjande retningslinjer:

Vil du på besøk til ein pasient
• RING FØRST til avdelinga og gjer KLAR AVTALE OM TIDSPUNKT.
• Kvar pasient kan maksimalt motta to besøk i døgnet. SJEKK DETTE FØRST.
• Den besøkande MÅ VERE FRISK, og det vert stilt spørsmål om helsetilstanden til den besøkande. Slik unngår vi at inneliggande pasientar vert utsett for smitte.
• Ein skal gå DIREKTE til sengeposten/avdelinga etter at tilgangen er kontrollert og handvask/spriting av hender er gjennomført.
• Vidare skal ein halde avstand på EIN, helst TO METER til andre pasientar og helsepersonell.
• Sjukehusavdelinga KAN gjere unntak ved alvorleg sjukdom eller skade der situasjonen er livstruande. Men også dette skal vere AVKLART PÅ FØREHAND.
• Også ved polikliniske besøk der ein er med som fylgje for ein pasient stiller vi krav om førehandsavtale og gjennomgang av helsetilstand til fylgje.

Vi har iversett desse tiltaka etter retningsliner frå Folkehelseinstituttet (FHI). Dette for å

• unngå smittespreiing,
• ivareta pasientane våre
• ivareta helsepersonell og dermed beredskap ved eventuelt meir omfattande utbrot.