Onsdag kom styremaktene og Folkehelseinstituttet med nye
tilrådingar. Desse opnar for besøk til pasientar innlagde på norske sjukehus.
I tilrådingane er det framleis mange punkt som må
ivaretakast, slik at besøk kan skje på ein trygg måte. Det er også presisert at
det må gjerast lokale tilpassingar, og at det er opp til kvart enkelt helseføretak
å organisere dette.
Helse Førde har i dag hatt mange spørsmål om dei nye råda
frå styremaktene. Ei slik endring krev grundig planlegging for å avgrense risikoen
for smittespredning mest mogleg. Helse Førde må sjå nærare på korleis dette kan gjerast og vurdere
tiltak.
- Dette er gode nyheiter at vi no kan opne for besøk frå
pårørande. Men vi må planleggje grundig for å ta vare på tryggleiken for
pasientar og tilsette. Vi kjem tilbake med informasjon om korleis dette kan skje så snart vi kan, seier adm. direktør Arve Varden.