HELSENORGE

Besøk av Knut, som har donert millionar til Helse Førde

Helse Førde inviterte nyleg den pensjonerte læraren og rektoren Knut Aase til ei lita omvising og ein hyggeleg lunsj på Førde sentralsjukehus. Aase (87) har gjennom åra donert store summar til Helse Førde, og no fekk han sjå kva noko av pengane er blitt brukt til.

​Gjennom eit langt liv som skulemann og småbrukar har han saman med kona Anny ført eit relativt nøkternt tilvære i Dale i Sunnfjord. Dermed har det blitt mogeleg for ekteparet å legge seg opp pengar, pengar som dei har donert vekk til det dei ser som gode formål.

Det kan vere nokre ti- og hundretusenar til institusjonar som den lokale sjukeheimen i kommunen, til Legar Uten Grenser – og milionsummar til Helse Førde.

To eldre menn i uniform inne på eit laboratorium
OMVISING: Leiar for mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Reidar Hjetland (t.h.), fortalde om kor stor nytte dei har av ekstraksjonsroboten som blei anskaffa for midlar donert av Knut Aase. 
  
- Vi har det vi treng, og tykkjer det er betre å gje ei hjelpande hand til nokon som treng pengane meir enn oss, seier den rause 87-åringen.

Tanken bak invitasjonen frå Helse Førde var sjølvsagt å kunne takke ekteparet for pengane, og få vist dei kva midlane er brukt til. Helsa hindra dessverre Anny i å komme, medan Knut kom kjørande i eigen bil frå Dale.

På sjukehuset fekk han først ei omvising på mikrobiologisk avdeling, med avdelingssjef Reidar Hjetland, nyleg avtroppa fagdirektør Evy-Helen Helleseth og administrande direktør Arve Varden som guidar. Seinare på dagen fekk han omvising på Dagabygget, der psykiatrisk klinikk også har nytt godt av donasjonar frå Aase.

Bidraga frå Aase gjorde det mogeleg å kjøpe inn utstyr som skulle vise seg å bli til uvurderleg hjelp då pandemien tok laust  våren 2020. Då hadde mikrobiologisk avdeling i Helse Førde nettopp skaffa seg eit nytt apparat – ein såkalla ekstraksjonsrobot – som har auka kapasiteten på analyse av koronatestar til det mangedobbelte. Prislappen låg på nær to millionar kroner. 

- Vi var heldige som bestilte dette apparatet på det tidspunktet vi gjorde. Då pandemien braut ut, vart det raskt mangel på slikt utstyr, fortalde avdelingssjef Reidar Hjetland då han synte Aase korleis ei koronaprøve vert behandla og analysert.

87-årige Aase følgde interessert med og kom med oppfølgande spørsmål. Han har aldri stilt bestemte krav til kva mottakaren skal bruke pengane på.

- Det er dei som driv verksemda som veit kvar behova er. Det er verkeleg kjekt å sjå at pengane har kome til nytte, sa han etter omvisinga.

Også administrerande direktør Arve Varden la vekt på dette:
- Aase har vore svært generøs, og vi er sjølvsagt veldig takksame. Ikkje minst fordi vi fekk heilt frie hender i forhold til kva midlane skulle brukast til, sa Varden. - Denne dagen er berre ei lita merksemd frå vår side, og har vore eit fint høve til å vise  at vi er takksame – og vise at pengane har kome vel med.