Beredskap i samband med stengde vegar til Førde

Det er til no ingen skadde etter jordskreda i området men mange vegar inn til sentralsjukehuset er stengde. Dette gjer det utfordrande å frakte pasientar og personell frå nord og aust.

Sjukehuset vart omgåande satt i beredskap då første melding om jordskred ved E39 i Jølster kom inn i går. Det var i startfasen iverksett ressursstyring og styrking av ambulansar då tre av Helse Førde sine ambulansar vart fanga i rasområda, utan pasient i bilen.
Til trass for at nokre tilsette ikkje har høve til å komme på jobb på grunn av stengde vegar melder alle avdelingane at dei er i normal drift.

Mange vegar er framleis stengde etter jordskreda og Førde er avskoren frå Nordfjord og Sogndal.

AMK vil styre pasienttransportane frå Sogn via Høyanger eller direkte til Voss eller Bergen. Pasientar frå Nordfjord vil bli sende til Volda og Ålesund ut frå medisinsk behov.

Luftambulanse og redningshelikopter i Førde og omliggande basar er  operative og vil hjelpe til ved behov.

Vi ber om at polikliniske pasientar som er hindra i å møte opp til avtalt time ringer inn til sjukehuset og gjev beskjed.

Det har så langt ikkje vore problem med pasienttransportar frå dei aktuelle rasområda.