Beredskap er avslutta etter datatrøbbel

Datasystema i Helse Vest fungerer no stort sett som normalt. Beredskapssitusjonen som har vart sidan ni-tida i dag er over. I Helse Førde har pasientbehandlinga gjennom dagen gått stort sett som normalt. 

​Det var i ni-tida i dag tidleg at det oppstod vanskar med datasystema ved alle sjukehusa på Vestlandet. Systema er no oppe og går, men det kan vere noko ustablitet ein periode framover. 

Helse Førde stoppa planlagde operasjonar som ikkje var sette i gang då IKT-vanskane starta. Men etter relativt kort tid blei desse starta att. 

Føretaka har manuelle rutinar som vert sett i verk når datasystem sviktar. Ein del pasientar måtte vente lenger enn normalt, men Helse Førde har stort sett klart å gjennomføre pasientprogrammet. Den akutte beredskapen har hele tida vore intakt.

Vanskane med datasystema skuldast ein feil i ei lagringsløysing. Feilen blei raskt retta, men dette gjorde at fleire system og program måtte restartast.

 – Når vi gjer restart tek det dessverre tid å få systema opp att i rett rekkefølgje, seier Erik M. Hansen i Helse Vest IKT. - I tillegg måtte nokre sørverar restartast manuelt, og dette gjordde at det tok endå lengre tid for å få alt til å fungere som normalt og som det skal.

Sjukehusa har gode naudrutinar for bortfall av IKT. For pasientane betyr slike vanskar først og fremst at det kan bli forseinkingar og utsetjing av behandling utover dagen.

- Vi beklager ulempene datavanskane har medført både for pasientar og medarbeidarar, seier Hansen.