Barneavdelinga og Matforsyning fekk Kvalitetsprisen 2016

Sju sterke kandidatar - to av dei spesielt gode. Dermed måtte årets Kvalitetspris delast mellom Barneavdelinga på Førde sentralsjukehus og Matforsyning i Helse Førde.

For juryen delte seg akkurat på midten ved avrøystinga, og dermed gjorde dei det same med årets pris. Det er såleis to verdige vinnarar av Kvalitetsprisen 2016, som kvar får 30.000 kroner i påskjøning og eit kunstverk kvar.
Under bildet finn du grunngjevinga frå administrerande direktør Jon Bolstad då han presenterte årets vinnarar.

IMG_8433.JPG

GLADE VINNARAR: Matforsyning og Barneavdelinga delte årets Kvalitetspris i Helse Førde. Frå venstre Reidun Otternes, Elin Haugen frå Matforsyning. Deretter Janne Myrvang, Anne Britt Fristad og Anders Bjørkhaug frå Barneavdelinga.

Kvalitetsprisen 2016: To verdige vinnarar
Vi har to verdige vinnarar av Kvalitetsprisen 2016, som kvar blir belønna med 30.000 kroner og eit kunstverk kvar.
Eg presenterer dei her i tilfeldig rekkefølgje.

Matforsyning i Helse Førde er den eine vinnaren, og får prisen for fleire innovative tiltak. Spesielt trekker juryen fram arbeidet med rettleiande matvert,  prosjekt mat og menyutvikling og ordninga med eige matpanel.
Matforsyning har forstått at rett ernæring er ein viktig del av pasientbehandlinga, og har eit overordna mål om at mattilbodet skal vere tilpassa pasienten sin medisinske situasjon og behov. I fleire år har Matforsyning vist stort engasjement for pasientbehandlinga i Helse Førde gjennom å drive systematisk og kunnskapsbasert utvikling og kvalitetsforbetring.
Samarbeid mellom matforsyning og sengepostane gjennom ordninga rettleiande matvert sikrar at risikopasientar med særskilte ernæringsbehov blir møtt med målretta tiltak. Dei rettleiande matvertane gjev ernæringsråd både til tilsette, pasientar og pårørande.
Prosjekt mat og menyutvikling har også som mål å auke den pasientopplevde kvaliteten gjennom eit stadig fokus på mat som medisin. Med dette har sjukehusa i Helse Førde fått større utval og høgare kvalitet på lunsj- og middagsrettar. Dei tilsette får i større grad enn før brukt kompetansen sin, slik at arbeidet blir meir interessant og utfordrande. Engasjerte medarbeidarar er med på å sikre gode sluttprodukt.
For å styrke kompetansen blant tilsette har matforsyning oppretta eit eige matpanel, samansett av kokkar frå alle dei tre sjukehusa, representantar for pleiarane, brukarorganisasjonane og arbeidstakarorganisasjonane. Dette skal medverke til betre samhandling mellom kjøkken og pasientavdelingane.
Prosjekt mat og menyutvikling har hatt samlingar med, og vore til inspirasjon for kokkar ved fleire institusjonskjøkken i kommunane, og er såleis medverkande til auka matkvalitet også utanfor Helse Førde.
Alle tre tiltaka har fått brei og positiv omtale i lokalmedia. Det har vore ein artikkel om «matglede som medisin» i fagtidsskriftet Kjøkkenskriveren, som er utgitt av Kost- og ernæringsforbundet. Tiltaka er og presentert for styret i Helse Førde våren 2016.
Gjennom dette arbeidet medverkar Matforsyning aktivt til å betre kvaliteten i behandlinga vår, og å heve den pasientopplevde kvaliteten ved institusjonane våre.

Barneavdelinga ved Førde sentralsjukehus er den andre prisvinnaren, og får prisen for innføring av PEVS/PedSAFE. Ingen grunn til uro; eg skal prøve å forklare kva dette betyr etterkvart. 
Når ein har med alvorleg sjuke barn å gjere, er det særs viktig å formidle tidlege teikn på forverring. Dette stiller store krav til presis og sikker kommunikasjon mellom fagpersonane i behandlingsteama.
PedSAFE er eit utdanningsprogram som skal auke kompetansen til helsepersonell i å  vurdere sjuke barn, setje i verk tiltak og å kommunisere presist og objektivt om tilstanden hjå pasienten.
PEVS er eit skåringssystem som identifiserer pasientar med risiko for forverring. Her vert det målt respirasjonsfrekvens, oksygenmetning, puls, blodtrykk, temperatur og bevissthetsnivå. Dette blir brukt som triageringsverktøy, og er tilpassa barna sin alder.
Barneavdelinga har gjennomført ein storstilt sertifisering av desse verktøya både i eiga avdeling og i alle aktuelle samarbeidande einingar i føretaket. Innføringa betrar pasienttryggleiken gjennom presis kommunikasjon internt i avdelinga, og ikkje minst mellom profesjonar og samarbeidsavdelingar. Verktøyet sikrar ein betre felles fagleg plattform. Det er planlagt å gjennomføre ei undersøking for å sjå effekten av PedSAFE og PEVS.
Det nye systemet kan brukast opp mot nasjonale kvalitetsregister og også mot framtidas helseatlas. I «Min pasientjournal» vil verktøyet dokumentere for pasient og pårørande korleis ein systematisk har vurdert pasienten.

Juryen meiner at begge prisvinnarane har gjort ein stor innsats for å betre kvaliteten i Helse Førde, og er begge verdige vinnarar av Kvalitetsprisen 2016.


Gratulerer til Matforsyning og Barneavdelinga!

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​