Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Førde flyttar

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Førde flyttar all aktivitet frå Prestebøen i Førde sentrum til Dagabygget ved Førde sentralsjukehus.

​Frå og med 8. mars 2021 blir frammøtestad hovudinngangen i Dagabygget.

bilete av hovudinngangen til dagabygget

Hovudgangen til Dagabygget


Før ein blir kjent på området, kan det vere lurt å legge inn litt ekstra tid slik at ein finn fram utan å komme for seint til time. Denne lenka opnar eit kart som viser kvar ein skal gå for å komme til rett inngangsdør.


https://helse-forde.no/Documents/Finne%20fram%20%20Dagabygget%20opnar%20for%20pasientar.pdf

2021-03-04_Helse Førde_Dagabygget_ventesone_web.jpg

Ventesone i Dagabygget.

Dagabygget vil gje poliklinikken eit godt og tilpassa arbeidsgrunnlag. Dei flyttar inn i lokale som er spesiallaga for formålet, tilrettelagt for dagens terapi og dei behova som gjeld no og framover.

Frå tilbodet vart etablert på midten av 1970-talet og fram til i dag har ein halde til i leigde lokale. I Dagabygget møter pasientar og pårørande eit hus som har lagt vekt på trivsel i val av fargar, interiør og utsmykking. Dette fortener barn og unge med psykiske utfordringar og familiane deira.


For spørsmål om flyttinga, kontakt:
Seksjonsleiar ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk
Hildegunn Fauske, tlf. 926 06 495